Verdien av naturen - Introduksjon - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Verdien av naturen

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

Kva gir mennesket rett til å utrydde stadig fleire artar og øydelegge stadig større uberørte område i naturen? Utforsk ulike syn på naturen og kva som gir han verdi i ulike livssyn og religiøse og filosofiske tradisjonar.

I denne læringsstien skal du

  • reflektere over mennesket sitt forshold til naturen og kva ansvar vi har for å ta vare på han
  • få kunnskap om viktige fagomgrep i miljøetikken som instrumentell verdi, eigenverdi, moralsk status, antroposentrisme, biosentrisme og økosentrisme
  • diskutere kva for organismar som har størst verdi
  • utforske og samanlikne ulike syn på naturen i ulike livssyn og religionar