Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Kampanje mot kredittkjøp

"Eit fantastisk tilbod om du slår til i dag!" "Vi gir deg lån på timen, inga sikkerheit nødvendig." Forbrukslån gir deg raske pengar som kan ta lang tid å betale tilbake, og kan gi deg pengetrøbbel. I denne oppgåva skal du prøve å overtyde ungdom om å droppe kredittkjøp.

Så fort du fyller 18 år, er du myndig. Då kan du ta førarkort, stemme ved val og bestemme over din eigen økonomi. Men med fridommen kjem det òg ansvar. Når du blir 18 år, får du nemleg tilgang på kredittkort og forbrukslån, noko som kan gi deg pengeproblem i lang tid framover om du ikkje passar på.

I dette oppdraget er det Forbrukartilsynet som ønsker å rette ein haldningskampanje mot ungdom for at dei skal unngå å ta opp kreditt- og forbrukslån. Målgruppa er unge i alderen 17–20 år, og du skal bidra med å forme ut ein bodskap som appellerer til denne målgruppa.

Oppdrag

  • Du skal lage produkt i ein haldningskampanje for Forbrukartilsynet.

  • Målet er at færre unge skal ta opp forbrukslån og kjøpe på kreditt.

  • Kampanjen skal gå over to månader.

  • Du skal forme ut ein bodskap og lage skisser til minst to produkt.

Du skal gjere følgande

  1. Idémyldring: Set deg inn i forbrukslån og kredittkjøp ved å ta ein titt i uttrekksboksane nedst i denne ressursen. Skriv opp idéar til bodskap, korleis du kan gjere unge interesserte i temaet, og korleis kampanjeprodukta kan sjå ut. Skriv eit kort notat eller lag eit tankekart.
  2. Vel ut eit fokus og lag ein bodskap: Du kan hente inspirasjon frå éi eller fleire av appellformene. Etos handlar om truverd, logos handlar om fornuft, og patos speler på kjensler. Kva trur du treffer ungdommane?
  3. Beskriv målgruppa, og korleis du kan nå henne: Unge har mykje å velje i når det gjeld kva dei ønsker å bruke tida si på. Du har berre nokre få sekund på å få merksemda deira. Korleis kan du få dei til å engasjere seg i kampanjeprodukta dine og bodskapen din?
  4. Produkt og plassering: Lag skisse til to typar produkt, og finn ut kvar desse bør plasserast. Forklar kvifor desse stadene eignar seg til å bli sette av unge i målgruppa. Set inn avsendar (Forbrukartilsynet) på produktet.
  5. Oppsummering/avslutning: Presenter for klassen eller skriv ein tekst. Vis fram produkta dine, og forklar kva du tenkte då du laga bodskapen og utforma produktet. Kvar skal det plasserast? Kva for grep har du gjort for å appellere til målgruppa? Kva har du lært av prosessen?

Nokre forslag til kampanjeprodukt. Storleik står i parentes

Ståande video: Videoen skal publiserast på Snapchat, Instagram stories eller Facebook stories (1080x1920px).

App: Skiss ut ein idé til ein app knytt til temaet. Det andre produktet må reklamere for appen.

Digital plakat: Plakaten skal brukast på nettsider eller i sosiale medium (Instagram: kvadratisk eller breidde 1080x556 px, Facebook: minimum 1080x1080px).

Trykt plakat: Plakaten skal ha ståande format og er til å henge opp eller publiserast i blad, aviser og magasin (A3).


Informasjon om forbrukslån

Videoklipp: Lær meir om forbrukslån (lengde 01:55).


Trykk på boksane under: "Bakgrunnsinformasjon forbrukslån" og "Priseksempel: Kjøp av skuter med forbrukslån". Her lærer du meir om forbrukslån, og korleis totalsummen aukar drastisk ved bruk av lån utan sikkerheit.

Bakgrunnsinformasjon forbrukslån

Forbrukslån er ofte i storleiksorden 10  000–150 000 kroner og har høg rente. Om du skal betale tilbake eit beløp med lang løpetid – over mange år – blir det ein høg totalsum.

Fleire har teke opp forbrukslån dei siste åra. Bruk av usikra kreditt kan gi økonomiske problem. Ved utgangen av 2025 hadde nordmenn ei forbruksgjeld på 177 milliardar kroner viser tal frå Gjeldsregisteret. Det er det høgaste talet sidan Gjeldsregisteret blei oppretta i 2019.

Personar mellom 18 og 29 år er ei av gruppene der forbruksgjelda aukar mest, og ved utgangen av 2025 hadde 14,3 prosent av personane i denne aldersgruppa forbruksgjeld. Den største andelen av forbruksgjelda i Noreg står personar mellom 40–59 år for.

Priseksempel: Kjøp av skuter med forbrukslån

Somme unge ønsker å kjøpe noko som kostar meir pengar enn dei har – til dømes ein skuter. Kva kostar det eigentleg å kjøpe ein skuter på kreditt?

Pris skuter og utstyr

• Kjøpesum skuter: 27 500 kroner

• Hjelm: 1 195 kroner

• Vernejakke: 1 299 kroner

Totalsum: 29 994 kroner

Låneeksempel 1: Nordea forbrukslån

Lånesum 30 000 kroner, 5 år, 716 kroner per månad. Totalsum er 43 166 kroner (14,5 prosent effektiv rente).

Låneeksempel 2: Lendo forbrukslån

Lånesum 30 000 kroner, 5 år, 712 kroner per månad. Totalsum er 42 708 kroner (17,52 prosent effektiv rente).

Priseksempla er henta frå lånekalkulatoren til bankane 13. mai 2026, klokka 13.30.

På nettsidene til Lendos og Nordeas lånekalkulatorar blir vi opplyste om at lånerenter i Noreg er individuelle, og at potensielle lånekundar må søke for å sjå tilbodet/renta.

Kjelde

Gjeldsregisteret (2026): Gjeldsåret 2025. https://www.gjeldsregisteret.com/blog/post/gjeldsaret-2025

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist oppdatert 18.06.2026