Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kredittfella

Oppgåve
Video

Kredittfella

Er det lurt å ta opp forbrukslån eller kjøpe noko på kreditt? I desse oppgåvene skal du utforske konsekvensane av å ta opp forbrukslån, kjøpe noko på avbetaling og bruke kredittkort.

Oppgåve 1: Forbrukslån og kredittkort

Sjå filmen frå NRK Skole og svar på spørsmåla:

  1. Kva er eit forbrukslån?

  2. Kva er eit kredittkort?

  3. Kva er fordelane og ulempene med lang nedbetalingstid?

  4. Kva er kredittverdigheit?

  5. Kva er fordelane med kredittkort og forbrukslån?

  6. Kva trur de er dei største farane ved å ta opp forbrukslån og bruke kredittkort?

Oppgåve 2: Kredittkort og kredittkjøp

  1. Bli einige i gruppa om ein ting de vil kjøpe som kostar litt pengar. Kva er den billigaste prisen de kan finne på dette produktet på nett?
  2. Finn ein nettbutikk der det er mogleg å kjøpe produktet på avbetaling (som kredittkjøp). Kor mykje vil produktet koste dykk totalt viss de vel

    • 6 månaders avbetaling
    • 12 månaders avbetaling
    • 24 månaders avbetaling
  3. Finn eit kredittkort på nett. Kor mykje må de betale i gebyr og renter for kredittkortet?
  4. Bruk kredittkortkalkulatoren. Rekn ut kor mykje kjøpet vil koste dykk viss de bruker 6 månader, 12 månader eller 24 månader på å betale ned gjelda.
Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 25.06.2020