Identitetsutvikling - Introduksjon - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Identitetsutvikling

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

Frå tidleg i barndommen utviklar vi identiteten vår i samspel med menneska rundt oss. Vi utviklar vårt eige tanke- og kjenslemønster og legg grunnlaget for sjølvkjensla og sjølvtilliten vår.

I arbeidet med denne læringsstien vil du

  • få kunnskap om ulike former for identitet
  • få kunnskap om korleis sosialisering og normer påverkar identiteten vår
  • utforske kva sjølvtillit og sjølvkjensle er, og korleis tankane og kjenslene våre blir forma
  • reflektere over korleis vi kan endre negative kjensle- og tankemønster
  • øve på å aktivisere andre ungdommar og byggje ei god sjølvkjensle og ein god sjølvtillit

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i fleire fag, men somme artiklar og oppgåver kan passe spesielt godt i samfunnskunnskap, helse og oppvekstfag og barne- og ungdomsarbeidarfag.