Kva får deg til å kjenne deg bra i kvardagen?

Ein og ein
Noter ned for deg sjølv: Kva gir deg glede ein heilt vanleg dag? Finn minst tre ulike døme.
To og to
Del det du har komme fram til i førre spørsmål med ein annan elev, og bli einige om fire konkrete forslag til kva de kan gjere for å få det litt betre den neste veka.
Fire og fire
Jobb saman i grupper
Del dei fire tipsa de kom fram til i førre oppgåve med gruppa. Forklar kvifor desse grepa kan gjere at du får det betre i kvardagen.
Finn fram til fire ulike tips som alle i gruppa er einige om, og som de kan dele med resten av klassen.
Diskuter om det finst noko felles som kan gi alle menneske glede, eller om det er ulikt frå menneske til menneske.
Diskuter kva som er det viktigaste for at vi skal kjenne glede i kvardagen. Er det små, enkle ting eller store og meir omfattande ting?