Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kvardagsglede

Oppgåve

Mitt prosjekt for auka kvardagsglede

Korleis kan du få det litt betre? I dette prosjektet skal du gjere små endringar i kvardagen for å få litt betre psykisk helse.

Korleis kan du få meir kvardagsglede?

I dette prosjektet skal du lage og gjennomføre ein plan for auka kvardagsglede. Målet er at du skal kjenne deg litt betre og lære om korleis små endringar i kvardagen kan få mykje å seie for korleis du har det.

Forskarar har funne fram til fem universelle grep som kan hjelpe alle med å auke kvardagsgleda. Dei fem grepa er:

  • Ver merksam.

  • Ver aktiv.

  • Hald fram med å lære.

  • Knyt band.

  • Gi.

I dette prosjektet skal du bruke desse fem grepa for å auke kvardagsgleda di.

Oppgåvebeskriving og rammer for prosjektet

Mål: Du skal få auka kvardagsglede.

Varigheit: Fire veker.

Førebuing: Lag ein vekeplan med forslag til kva du kan gjere kvar dag. Du kan laste ned ein slik plan under. Bruk dei fem grepa og prøv å inkludere dei i dei daglege rutinane dine. Det treng ikkje vere omfattande aktivitetar – små, enkle grep kan vere nok. Det viktigaste er at du klarer å gjennomføre aktivitetane, og at du gjer noko kvar dag.

Gjennomføring: Gjennomfør aktivitetane som planlagt. Logg aktivitetane dine – med selfiar, ein app eller forslaget til vekeplan under. Lag gjerne grupper i klassen som kan vere til hjelp når de skal motivere kvarandre.

Etterarbeid: Gjennomfør ei eigenvurdering. Skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer kva du fekk ut av prosjektet. Du kan mellom anna reflektere rundt:

  • Korleis kan små, enkle grep endre korleis du har det?

  • Kva er det mest utfordrande med å endre vanar i kvardagen?

  • Kva for grep fekk du mest ut av?

  • Kan det vere vanskeleg å merke om endringar i kvardagen har nokon effekt på lengre sikt?

  • Kva for råd vil du gi til ein venn som gjerne vil kjenne seg litt betre i kvardagen?

Tips til kjelder de kan bruke for å utforske dei ulike grepa

Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Camilla Øien .
Sist oppdatert 24.10.2025