Feltarbeid: Påvising av mikroplast - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Feltarbeid: Påvising av mikroplast

Ta prøver av vatn, sediment eller vegstøv og undersøk om de finn mikroplast. Utfør ulike forsøk for å hente ut og analysere mikroplast i prøvene.

Hensikt

I dette forsøket skal de påvise mikroplast i eit område de sjølve vel.

Framgangsmåte

Prøvetaking

Ta prøver frå det de vil undersøke. I dette forsøket er ikkje hensikta å bestemme konsentrasjonen av mikroplast, så volumet eller massen av prøva de tek, er ikkje så viktig. Tilpass mengda til dei behaldarane de bruker.

  • Sediment
    Ta prøver på ulike stader i vasskanten eller i fjæra. Bruk ein liten metallspade og overfør prøvene til eit prøveglas.
  • Vegstøv
    Bruk ein liten kost (som ikkje er laga av plast) til å samle opp vegstøv. Overfør til eit prøveglas.
  • Vatn
    Bruk ein planktonhåv til å samle opp ei vassprøve. Hugs å vaske håven godt før bruk. Overfør oppsamla vatn til ei prøveflaske. Eit alternativ til håv kan vere å samle vatn direkte i ei prøveflaske og filtrere dette når de er tilbake på skulen/laben.

Ver merksam på faren for forureining av prøvene undervegs. Utstyret som blir brukt, må vere reint før bruk. Syntetisk tøy kan gi frå seg mikroplast og komme over i prøvene.

Separering – sediment, vegstøv eller kosmetikk

  1. Gjer klar ei metta saltløysing ved å løyse 35 g NaCl til 100 mL vatn.
  2. Overfør prøva til eit begerglas. Skyl med vatn for å få med heile prøva.
  3. Tilset saltløysing til prøva. Rør om.
  4. Bruk pinsett eller pipette og ta ut plastbitar som flyt opp.
  5. Tilset meir saltløysing. Rør om. Plukk ut plastbitar.
  6. La prøva stå i ro ei stund (gjerne over natta).
  7. Hell øvste del av vatnet gjennom eit filter som står i ei trakt.
  8. Vreng filteret og overfør innhaldet til ei petriskål.

Separering – vassprøver

  1. Prøva blir helt gjennom eit filter som står i ei trakt.
  2. Vreng filteret og overfør innhaldet til ei petriskål.

Analyse

  1. Bruk ei stereolupe eller eit mikroskop og leit etter plastbitar.
  2. Bruk ein pinsett eller ei nål til å pirke borti. Eit tips kan vere å varme opp nåla og pirke borti ein partikkel for å sjå om han smeltar. Dersom han smeltar, kan vi vere sikre på at det er plast. Legg merke til at ikkje alle typar plast smeltar.
  3. Ta bilete av plastpartiklane med mobilen gjennom okularet til lupa/mikroskopet.
Flyt plasten?

Når plasten har lågare tettleik enn løysingsmiddelet, vil plasten flyte opp, og det vil vere mogleg å skilje plast frå resten av løysinga. Pluss (+) betyr at det er mogleg å skilje denne plasttypen frå det aktuelle løysingsmiddelet. Minus (–) betyr at det ikkje vil vere mogleg å skilje plast og løysingsmiddel. Ei metta løysing med natriumklorid vil ha ein tettleik på 1,2 g/mL.

Tettleik til ulike Typar pLast og løysingar

plasttype

tettleik, g/mL

vatn,
tettleik 1 g/mL

NaCl,
tettleik
1,2 g/mL

NaI,
tettleik 1,6 g/mL

polypropen

0,9–0,91

+

+

+

polyeten

0,92–0,97

+

+

+

polyamid

1,02–1,05

+

+

polystyren

1,04–1,1

+

+

akryl

1,09–1,2

+

+

polymetylakrylat

1,17–1,20

+

+

polyvinylklorid (PVC)

1,16–1,58

+/–

+

polyvinylalkohol (PVA)

1,19–1,31

+/–

+

alkyd

1,24–2,10

+

polyester

1,24–2,3

+

PET

1,37–1,45

+

Resultat

Diskusjon

  • Kva kjelder til mikroplast er viktigast?
  • Korleis kan vi som forbrukarar bidra til å redusere førekomsten av mikroplast i naturen?
  • Ei løysing metta med natriumklorid har ein tettleik på 1,2 g/cm3. Kva type plast vil mest sannsynleg ikkje flyte opp i den metta saltløysinga?
  • Korleis kan vi finne ut (grovt sett) kva plasttypar vi har funne med utgangspunkt i tettleiken til plasttypane?

Forslag til vidare arbeid

  • Undersøk tøyvaskeposar som samlar opp mikroplast.
  • Undersøk innhald av mikroplast i kosmetikk.

Kjelder

Miljolare.no. (2019). Jakten på mikroplasten. Henta 12. september 2020 frå https://www.miljolare.no/aktiviteter/mikroplast/

Prata, J. C., da Costa, J. P., Duarte, A. C. & Rocha-Santos, T. (2019). Methods for sampling and detection of microplastics in water and sediment: A critical review. Trac Trends in Analytical Chemistry, volume 110. https://doi.org/10.1016/j.trac.2018.10.029

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021