Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kjønnsmangfald

Oppgåve

Dykk i djupet på kjønn og identitet

"Jenter er søte, og gutar er tøffe". Dette er ein gammal stereotypi som er gått ut på dato. Eller er den eigentleg det? Her skal du fordjupe deg i tekstar som handlar om kjønn, identitet og forventningar til kjønn.

Kva er djupnelæring?

Å fordjupe seg betyr ifølge ordboka "å gå til botnars" og "samle tankane sine". Når du dykkar i djupet på eit emne, vil du sannsynlegvis både få meir kunnskap og forstå meir. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men i djupnelæring kan det vere lurt å trekke inn kunnskap frå fleire fag for å forstå temaet godt. Når du skal gå i djupna på eit tema, kan du gjerne jobbe tverrfagleg. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men når du skal fordjupe deg i mennesket og naturen, passar nok særleg samfunnsfaglege emne inn.

Djupnelæring inneber at du

  • først skal avdekke kva du kan om eit tema
  • så skal bygge opp ny kunnskap gradvis. Bruk gjerne mange ulike teksttypar: dokumentarfilmar, fiksjonsfilmar, saktekstar og skjønnlitteratur.
  • ser etter likskapar og forskjellar mellom tekstane
  • bygger kunnskap i samspel med både medelevar og læraren din: diskuter, vurder og lytt!
  • analyserer og reflekterer over tekstane du bruker undervegs
  • reflekterer over eiga læring undervegs og mot slutten av prosessen

Tilrådingar

Mange av tekstane vi tipsar deg om under er utdrag frå bøker. Om du verkeleg vil gå i djupna, bør du lese ei heil bok. Les gjennom utdraga og finn ut kva for eit / kva for nokre utdrag du synest er mest interessant(e). Gå deretter på biblioteket og lån boka.

Eit godt tips i startfasen er å lage ei problemstilling du ønsker å finne svar på. Skriv gjerne ned nokre spørsmål du lurer på heilt i starten. Etter kvart kan du forme desse spørsmåla til ei problemstilling. Ikkje ver redd for å endre formuleringa i problemstillinga undervegs. Hugs at problemstillingar er dynamiske!

Tema: Kjønn og identitet

Kva forventningar blir stilte til oss i kraft av det kjønnet vi er fødde som? Og korleis er det å sprengje grenser om kjønn i Noreg i dag? Er vi så moderne og fordomsfrie som vi trur?

Les!

Sjå! Høyr!

  • "Menn av få ord" av Robert Mood (Kronikk)
  • "Vi må snakke sammen, gutter" av Mani Husseini (Debattinnlegg)
  • Annerledes, av Ingunn Holmen. (Novelle)
  • Egalias Døtre av Gerd Brantenberg (Roman)
  • Kraften av Naomi Aldermann (Roman)
  • Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood (Roman)
  • Orlando av Virginia Wolf (Roman)
  • Hjulskift av Vigdis Hjort (Roman)
  • Jeg drømte at alle bøkene mine stod i kjøkkenskap av Hanne Ørstavik (Roman)

Forslag til problemstillingar

  • Kva forventningar stiller samfunnet i dag til kjønn, ifølge ulike tekstar?
  • Kva kjenneteiknar den moderne mannsrolla?
  • Kva kjenneteiknar den moderne kvinnerolla?
  • Korleis framstiller ulike tekstar karakterar som bryt med kjønnsnormene?
  • Kva verkemiddel bruker tekstar for å utfordre oss til å tenke nytt om kjønn og identitet?

Forslag til korleis du kan legge fram funna dine

I norskfaget blir det forventa at du trekker inn døme frå tekstar du har lese når du skal presentere emnet du har fordjupa deg i. Her kjem forslag til korleis du kan legge fram funna dine:

  • Skriv ein fagartikkel der du reflekterer over ulike perspektiv på kjønn og identitet.
  • Lag ein podkast. Gå saman i grupper på tre eller fire og diskuter dei ulike perspektiva på kjønn og identitet som kjem fram i tekstane.
  • Hald eit foredrag om ulike perspektiv på kjønn og identitet i tekstar.
  • Foredrag med rollespel: Gå saman i grupper. Hald eit foredrag, men veksle mellom klassisk foredrag og rollespel. Bruk scener frå tekstane de har lese for å illustrere poenga de vil ha fram.
  • Arranger ein klassediskusjon. Alle i klassen les tekstar. Vel ut to medelevar som skal leie diskusjonen.
Skrive av Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 08.01.2026