No skal du hjelpe deg sjølv til å ta betre val i kvardagen. Du skal dulte deg sjølv. Dulten kan dreie seg om val knytt til økonomi, skulearbeid, helse, klima, miljø, berekraft eller søvn. For å løyse denne oppgåva bør du ha lese artikkelen "Kva er dulting?".
Gjennomfør dulten din på deg sjølv, og ta gjerne nokre bilete som viser kva du har gjort. Førebu deg på å presentere dulten din for ei mindre gruppe i klassen. Bruk bileta du har teke, og sei noko om:
Kva var det du ønskte å endre?
Kva gjorde du med valarkitekturen?
Fungerte dulten? Kvifor, eller kvifor ikkje?
Døme
Nina slit med å konsentrere seg om skulearbeidet på ettermiddagen. Ho veit ho lett blir forstyrra av mobiltelefonen, og endar fort opp med å trykke på mobilen framfor å lese til prøver. Nina veit at det at mobilen ligg ved sida av henne, gjer det vanskeleg å la vere å sjå på han når det kjem eit nytt varsel på skjermen. Ho vil derfor prøve å dulte seg sjølv ved å legge mobilen i eit anna rom når ho skal jobbe med skulearbeidet. For å påskjønne seg sjølv set ho på alarm på telefonen etter 25 minutt. Når alarmen ringer, kan ho hente telefonen og ta ti minutt pause. Ho gjennomfører dette i nokre dagar, og vurderer effekten av dulten etterpå.
Tips til læraren
Viss de har lite tid, kan det vere eit alternativ å berre lage ein tenkt dult, utan å gjennomføre han.
Når elevane skal presentere for kvarandre, kan det vere fint å sitje i mindre grupper. Etter at elevane har presentert for kvarandre i grupper, kan de ta fram nokre døme i plenum. Då kan de gjerne også diskutere kva type dult dette er, så lenge de har sett på dei ulike typane dultar på førehand.