Digital valkamp - Demokratiet under digitalt angrep - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Digital valkamp

Oppgåve

Demokratiet under digitalt angrep

I denne oppgåva skal de diskutere kva mogelegheiter for manipulasjon som ligg i datateknologi. På den måten kan de bli meir klar over farane ved digitale angrep på demokratiet.

Korleis og kvifor blir demokratiet angripe digitalt?

Val kan bli angripne og freista manipulerte utanfrå gjennom datateknologi. Det kan vere både statar, organisasjonar og enkelpersonar med vonde hensikter som står bak. Hackarar kan bryte seg inn i datasystema som tel stemmer, men òg du som veljar kan bli manipulert gjennom propaganda og falske nyheiter.

Det er til dømes påvist at Russland brukte sosiale medium til å spreie falske nyheiter og bygge opp under hat mens den britiske folkeavstemminga om å forlate EU ("Brexit") gjekk føre seg. Dette skjedde òg i dei to siste presidentvala i USA. Hensikta med slike angrep er å skape splid, auke og få deg til å tvile på det demokratiske systemet og informasjonen du får frå styresmakter og media. Slik kan den som angrip, svekke fiendane sine og styrke seg sjølv.

Diskuter

Enkel tilgang til avansert KI-teknologi, som til dømes deepfakes, gjer faren for manipulasjon endå større. Til lokalvalet for 2023 har Medietilsynet laga filmen Abid Raja avslørt. Sjå videoen under og diskuter spørsmåla:

Video: Medietilsynet / CC BY-NC-ND 4.0
  • På kva måtar kan deepfakes brukast til å manipulere deg som veljar?

  • Kven kan ha interesse av å manipulere deg på denne måten?

  • Kva kan du gjere for å avsløre forsøk på manipulasjon?

  • Vil du klare å avsløre slike forsøk, trur du?

  • Kva andre former for datateknologi kan du komme på som kan brukast til å manipulere veljarar og skade demokratiet?

  • Kvifor er det viktig for deg som veljar å vere klar over ulike digitale truslar mot valet?

Kjelder

Burgess, M. (2017, 10. november) Here's the first evidence Russia used Twitter to influence Brexit. Wired. https://www.wired.co.uk/article/brexit-russia-influence-twitter-bots-internet-research-agency

University of Oxford. (2018, 17. desember). The IRA and Political Polarization in the United States. https://demtech.oii.ox.ac.uk/research/posts/the-ira-and-political-polarization-in-the-united-states/

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2023

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Digital valkamp