Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva bør politiske parti få vite om deg?

I ein valkamp blir du utsett for reklame frå dei politiske partia. I sosiale medium er reklame basert på personopplysningane dine, slik at han skal treffe betre. Kvar meiner du grensa går for kva personopplysningar partia skal kunne bruke?

Avstemming: Kva personopplysningar er det greitt å bruke i politiske kampanjar?

Kva opplysningar bør politiske parti kunne bruke når dei spreier reklame i sosiale medium? På den eine sida er det fint å få reklame som passar spesielt for deg, men på den andre sida bør det vel vere ei grense for kva opplysningar det skal vere lov å bruke?

Rydd plass i klasserommet og bestem at den eine sida av klasserommet er "for" og den andre er "mot".

Læraren les opp eitt og eitt punkt på lista under, og elevane røyster ved å gå til "for" eller "mot".

Læraren noterer seg kva fleirtalet meiner i kvart tilfelle.

Forslag til personlege opplysningar de stemmer over

  • der du bur

  • kva du følgjer, liker, deler og kommenterer i sosiale medium

  • kva du handlar på nett

  • religion

  • innhaldet i det du skriv og publiserer i sosiale medium

  • kor gammal du er

  • musikksmak

  • der du er til kvar tid

  • familierelasjonar

  • helseopplysningar

  • aktivitet på treningsappar

  • legning

  • politisk ståstad

  • meiningar som du har uttrykt i sosiale medium

  • sjukdom, psykiske lidingar og død i nær familie

  • kjønnsidentitet

  • inntekta til foreldre / eiga inntekt

Oppsummer på tavla

Del tavla i to ("for" og "mot") og skriv opp dei ulike personlege opplysningane på riktig side ut frå kva fleirtalet i klassen meinte.

  • Diskuter i klassen kva som kjenneteiknar personopplysningar de ikkje synest det er greitt å bruke i politisk marknadsføring.

  • Formuler ein regel om kva slags personlege opplysningar det bør vere forbode å bruke for politiske parti i marknadsføringa si.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 07.04.2026