Digital valkamp - Diskusjon: Algoritmestyrt valkamp - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Digital valkamp

Oppgåve

Diskusjon: Algoritmestyrt valkamp

Sosiale medium speler ei sentral rolle i norsk valkamp. Når sosiale medium og algoritmestyrte løysingar styrer politisk marknadsføring, blir kjeldekritikk stadig meir viktig.

Oppgåve: Klassediskusjon om algoritmestyrt valkamp

Som førstegongsveljar er det mange som kjempar om valrøysta di.
I sosiale medium blir dei politiske bodskapane du blir utsett for, skreddarsydde. Mikromålretting og avanserte algoritmar tek i bruk personleg informasjon du har lagt igjen på ulike nettstader.

I denne oppgåva skal du diskutere og reflektere rundt temaet algoritmestyrt politisk reklame.

Påstand 1

  • Algoritmestyrt politisk marknadsføring kan få negative konsekvensar for demokratiet.

Påstand 2

  • Norske styresmakter bør forby målretta, algoritmestyrt politisk reklame.

  • Finn argument for og mot påstandane over.

  • Presenter først argumenta dine for personen du sit ved sida av.

  • Kom med innspel og tilbakemeldingar til kvarandre.

  • Still opp til klassedebatt der du legg fram argumenta for resten av klassen.

Relatert innhald

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2021