Animasjon: Kva er ytringsfridom? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Animasjon: Kva er ytringsfridom?

Ytringsfridom er den fridommen vi har til å seie og meine kva vi vil. Men kvifor er ytringsfridom så viktig i eit demokrati? Finst det avgrensingar for ytringsfridom? Sjå filmen og svar på spørsmåla.
Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Oppgåve

Etter å ha sett filmen skal de svare på spørsmåla. Når de er ferdige, går de saman parvis og snakkar saman:

  1. Forklar med eigne ord kva som ligg i omgrepet ytringsfridom utan å nemne ordet.

  2. På kva måte kan vi seie at ytringsfridom er ein føresetnad for demokratiet?

  3. Forklar forskjellen på formelle og uformelle normer for ytringsfridom.

  4. Kva meiner vi eigentleg med at sjølvsensur legg avgrensingar på ytringsfridom?

  5. Kvifor er det så viktig at vi er førebudde på at andre er ueinige med oss?

  6. Tenk etter: Kva betyr ytringsfridom for deg, og korleis bruker du ytringsfridommen din i kvardagen?

Samanfatt i klassen viss de får tid.

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022