No som de har sett dykk inn i hendingane frå 22. juli 2011 og fram til dommen mot Breivik, kan de fordjupe dykk i temaet ved å jobbe med dette prosjektet.
Du er no inne i ein læringssti:
22. juli 2011
Prosjekt: 22. juli 2011
Om prosjektet
Dette prosjektet består av tre fasar:
Gruppearbeid: Gruppene fordjupar seg i ulike emne.
Deling: Gruppene deler det dei har funne ut, med klassen.
Individuelt arbeid: Kvar elev skriv eit oppsummerande refleksjonsnotat.
I refleksjonsnotatet skal de bruke det de har lært i gruppearbeidet og av dei andre gruppene, slik at de kan svare på nokre sentrale spørsmål om 22. juli.
Hovudspørsmål
Gjennom prosjektet skal de søkje etter svar på desse seks hovudspørsmåla:
Kvifor blei nettopp regjeringskvartalet og Utøya angripne?
Korleis takla Noreg krisa?
Kva blei konsekvensane av terrorangrepet?
Korleis kunne eit slikt angrep skje?
Korleis kan vi hindre at noko liknande skjer igjen?
Korleis påverkar terror og ekstremisme politisk deltaking?
Relevante fag
Denne oppgåva kan jobbast med som eit større prosjekt i eitt eller fleire fag. Relevante fag kan vere
norsk
samfunnskunnskap
historie
religion og etikk
sosiologi og sosialantropologi
politikk og menneskerettar
historie og filosofi
kommunikasjon og kultur
psykologi
rettslære
mediefaga
De kan velje mellom mange ulike fordjupingsemne. Skal de til dømes jobbe med prosjektet i historie og i mediefag, vel de dei emna som er mest relevante for desse faga.
Fase 1: gruppearbeid
Jobb i grupper på 2–4 elevar og fordel ulike fordjupingsemne mellom gruppene. De finn forslag til fordjupingsemne under.
Kvar gruppe skal setje seg inn i fordjupingsemnet sitt og prøve å svare på hovudspørsmåla over, ut frå den faglege innfallsvinkelen de har valt.
Ver merksam på at ikkje alle fordjupingsemna kastar lys over alle hovudspørsmåla. I nokre tilfelle vil eit fordjupingsemne kanskje berre belyse to eller tre spørsmål.
Forslag til fordjupingsemne
Ytringsfridom og hatefulle ytringar
Mangfald og "multikulturalisme"
Radikalisering
Høgreekstremisme
Konspirasjonsteoriar
Ekkokammer
Rasisme / islamofobi
Vondskap
Beredskap og overvaking
Risiko og krise
Utanforskap
Psykisk helse
Terrorisme
Straff
Offera
Historiebruk og historieforfalsking
Minnestader og minnemarkeringar
Historisk kontekst
22. juli i kunst og litteratur
Politisk engasjement blant ungdom
"Meir demokrati, meir openheit"
Mediedekning
Arbeidarpartiet (Ap)
Å møte hat med kjærleik
Fase 2: deling
Gruppene skal dele det dei har funne ut, med klassen. De kan til dømes førebu ein kort presentasjon og skrive ein kort tekst som oppsummerer det de har funne ut.
Fase 3: individuelt arbeid
Til slutt skriv alle eit individuelt refleksjonsnotat. I notatet skal de prøve å svare på dei seks hovudspørsmåla. Det er viktig at de får fram kva det samla arbeidet i klassen har vist av breidda og kompleksiteten i spørsmåla.