Dokumentar: Oppfør deg uskikkelig!
Om filmen
Berre fordi noko er vanleg, betyr ikkje det at det er rett. I Kenya og Tanzania blir jenter utsette for barneekteskap og smertefull omskjering av underlivet – skadelege skikkar som tek frå dei retten til å bestemme over eigen kropp og eige liv. Kvinnesyn kan forandrast, og dermed òg dei skadelege skikkane. Det er ungdom som står i front og kjempar for sine og andre ungdommar sine rettar. Saman med den lokale ungdommen tek vi opp kampen mot dei skadelege skikkane – vi oppfører oss rett og slett uskikkeleg. Saman.
Sjå filmen Oppfør deg uskikkelig! (lengde 15:20) og gjer oppgåvene under.
Refleksjonsspørsmål
Årets kampanje heiter "Oppfør deg uskikkelig!". Kva tenker du er meint med oppfordringa "Oppfør deg uskikkelig!"?
Bobby snakkar om at kvinnekamp òg er gutane sin kamp. Kvifor er dette òg viktig for gutane?
Sjølvråderett er eit viktig tema i prosjektet i år. Kva betyr sjølvråderett for deg?
På kva måte blir ungdommane i filmen behandla ulikt, basert på kjønn? Kan du komme på døme frå Noreg der nokon blir behandla ulikt berre basert på kjønn?
Kvifor blir jenter framleis utsette for kjønnslemlesting og barneekteskap når det er ulovleg i begge landa?
Kan du komme på nokon tradisjonar vi har i Noreg som er problematiske? For kven er dei problematiske, og kvifor?
Foreldra som utset jentene for desse skikkane (tradisjonane) ønsker ikkje døtrene sine noko vondt. Kvifor trur du at dei gjer det likevel?
Kva kan gjerast for å løyse desse utfordringane?
Kva sit du igjen med etter å ha sett filmen?
Denne oppgåva er skriven av Operasjon Dagsverk og kan òg lesast på nettsidene deira:
Oppgåve: Operasjon Dagsverk – Dokumentarfilm: Oppfør deg uskikkelig!