På rundtur i bussen
Bussklassar

Køyretøyforskrifta §8 deler bussar med over 22 passasjerplassar inn i tre ulike klassar:
Bussar i klasse 1 har ståplassar slik at det er mogleg med hyppig av- og påstiging.
Bussar i klasse 2 er hovudsakleg innretta med sitteplassar, men dei også kan ta med nokre ståande passasjerar. Bybussar er vanlegvis bussar i klasse 2.
Bussar i klasse 3 har berre sitteplassar, ingen ståplassar. Turbussar og ekspressbussar er typiske bussar i klasse 3.
Bussar med sitteplassar, altså bussar i klasse 2 og 3, har krav om bilbelte. Detaljerte reglar for dette finst i køyretøyforskrifta §16-3.
Ein rundtur i ein bybuss
Bli med på ein rundtur i og utanfor ein bybuss i klasse 2! Flytt deg rundt i bussen for å sjå på utstyr og funksjonar som du må kjenne til.
Sikkerheitsutstyr
Det er strenge krav til teknisk, digitalt og manuelt utstyr i ein buss. Dette utstyret skal vere på plass:
Brannsløkkar
Alkolås
Førstehjelpsutstyr
Nødhammarar
Sikringsbelte
Video-overvaking
Nødopnarar og nødutgangar
Kjettingar
Dagleg kontroll
Følg ein sjåfør som gjennomfører dagleg kontroll av buss.
Relatert innhald
Korleis fungerer ein alkolås, og kvifor har vi dette?
Brannsløkkingsapparat er ein av fleire typar sløkkjeutstyr og finst i ulike variantar. Apparatet må vere lett tilgjengeleg dersom det skulle oppstå brann.