Fagstoff
Video
Korleis fungerer ein alkolås?
For at ein skal vere sikker på at alle som køyrer buss, overheld promillegrensa, er det installert alkolås i bussen.
Alkolås

Ein alkolås er ei teknisk anordning som blir kopla til tenningssystemet i eit køyretøy. Ho består av eit handsett med munnstykke og ein leidning som går til ein elektronisk boks som er kopla til tenningssystemet. Alkolås kan monterast i både lette og tunge køyretøy.
Handsettet liknar på promillemålarane politiet bruker i kontroll. Føraren må blåse i munnstykket, og dersom han eller ho har promille over den tillatne grensa, starar ikkje køyretøyet. Promillegrensa i Noreg er 0,2.
I denne filmen kan du sjå korleis alkolåsen blir brukt. Video: Øystein E. Johannessen / CC BY-SA 4.0