Kvifor flåtestyring? - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvifor flåtestyring?

Ved hjelp av lastebil- og flåtedata kan bedriftene redusere papirarbeidet, betre informasjonsflyten og optimalisere heile drifta.

Kvifor flåtestyringstenester?

Med eit flåtestyringsprogram blir det enklare å administrere bilflåten (bilparken) og transportane. Flåtestyringsprogrammet sørger for effektiv informasjonsflyt og er med på å redusere papirarbeidet.

I tillegg gjer programmet det mogleg å maksimere driftstid, nyttelast og køyrelengde og overvake tilstanden til lastebilane. Slik kan ein få til ein effektiv og lønnsam dagleg drift, og bedrifta kan fokusere på det som er viktigast: å ta vare på kundane.

Korleis fungerer eit flåtestyringssystem?

  • Eit flåtestyringssystem gir befraktaren full oversikt over sjåførar og oppdrag slik at hen lett kan sjå kva sjåførar som kan ta på seg nye oppdrag.

  • Eit flåtestyringssystem gir befraktaren posisjonen til lastebilen og detaljerte opplysningar om sjåfør, køyrefart, last og køyretøytype.

  • Befraktaren kan også sjå drivstofforbruk, køyrelengde, utsleppsnivå osb. over tid for kvar enkelt bil.

  • Befraktaren har tilgang til varsel og alarmlamper i instrumentgruppa til køyretøyet og kan sjå nøyaktig når og kvar eit problem oppstod.

  • Fartsskrivardata blir lasta ned automatisk, noko som sparer administrasjonstid.

Rettshavar: Volvo Trucks
Sist fagleg oppdatert 21.03.2023