Alle yrkessjåførar må overhalde reglane for døgn- og vekekvil og for maksimale køyreperiodar. Regelverket er likt for alle EU- og EØS-landa.
Når du jobbar som yrkessjåfør og køyrer tunge køyretøy, må du overhalde arbeidstida for sjåførar. Du må ikkje køyre for lange økter, men passe på å ta nødvendige pausar slik at du unngår å bli sliten og ukonsentrert.
Det skal vere montert ein fartsskrivar i alle tunge køyretøy. Fartsskrivaren registrerer køyre- og kviletida di.
Dersom du bryt reglane for køyre- og kviletid, kan du vere til stor fare for både deg sjølv og andre i trafikken. Dessutan risikerer du store bøter ved ein kontroll.
Trykk på dei ulike blå boksane og les om dei konkrete føresegnene.
Her lærer du om lover og reglar rundt køyre- og kviletid og konsekvensar av å ikkje følgje dei.
Få ei innføring i lover og reglar som regulerer køyre- og kviletida til ein yrkessjåfør.