Krav til køyre- og kviletid - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Krav til køyre- og kviletid

Her får du ei kort innføring i reglar om køyre- og kviletid som du bør kunne.

Regelverk for køyre- og kviletid

Alle yrkessjåførar må overhalde reglane for døgn- og vekekvil og for maksimale køyreperiodar. Regelverket er likt for alle EU- og EØS-landa.

Pausar

Når du jobbar som yrkessjåfør og køyrer tunge køyretøy, må du overhalde arbeidstida for sjåførar. Du må ikkje køyre for lange økter, men passe på å ta nødvendige pausar slik at du unngår å bli sliten og ukonsentrert.

Fartsskrivar

Det skal vere montert ein fartsskrivar i alle tunge køyretøy. Fartsskrivaren registrerer køyre- og kviletida di.

Konsekvensar ved regelbrot

Dersom du bryt reglane for køyre- og kviletid, kan du vere til stor fare for både deg sjølv og andre i trafikken. Dessutan risikerer du store bøter ved ein kontroll.

Krav til kviletid ved transportoppdrag av ulik varigheit

Trykk på dei ulike blå boksane og les om dei konkrete føresegnene.

Relatert innhald

Fagstoff
Køyre- og kviletid

Her lærer du om lover og reglar rundt køyre- og kviletid og konsekvensar av å ikkje følgje dei.

Skrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021