Å snakke om sjølvmord i klasserommet

Forslag til aktivitetar
1. Snakk om sjølvmord
I denne filmen (lengde 10:34) fortel regissør og manusforfattar av serien Rådebank kvifor dei valde å ta opp sjølvmord som eit tema i serien. Vi ser også nokre klipp frå andre sesong av serien der Robert fortel vennen Glenn Tore om problema sine. Dei to snakkar saman i etterkant av at vennen deira, Sivert, har teke livet sitt. I tillegg er det eit klipp frå ei minnemarkering for Sivert der venninna deira, Hege, reagerer på det som har skjedd.
Snakk saman:
Kvifor trur de det er så vanskeleg for Robert å fortelje om problema sine til vennen Glenn-Tore?
Kvifor trur de Robert vel å fortelje om problema sine til Glenn-Tore?
I filmklippet fortel Robert at han har sjølvmordstankar, og at det av og til freistar å gå i svart. Kva synest de om måten Glenn-Tore reagerer på, og korleis han prøver å hjelpe Robert?
Er det vanskelegare for gutar enn for jenter å snakke om psykisk helse? Kvifor? / kvifor ikkje?
I serien reagerer Hege på sjølvmordet til vennen på ein annan måte enn dei andre. Kvifor trur de vi reagerer så ulikt når vi møter sorg og kriser?
Ifølge filmen kan vi redusere sjølvmord blant unge menn om fleire lærer seg å handtere kjærleikssorg, økonomisk usikkerheit og det å leve heilt vanlege liv. Kvifor trur de at desse utfordringane kan vere spesielt vanskelege å takle for mange gutar?
Kvifor er det viktig at de tek kontakt med ein person de stoler på og snakkar om det, om de opplever sjølvmordstankar?
2. Kven kan du ta kontakt med om du har sjølvmordstankar?
Det er viktig å vere klar over kven du kan ta kontakt med om du har sjølvmordstankar. Bruk tipsa i tekstboksen under til å svare på spørsmåla
Les om Emma. Kven tenker de at Emma kan ta kontakt med for å få hjelp?
Emma har dei siste vekene slite med vonde tankar og kjensler. Ho har krangla mykje med foreldre heime, kjenner at det er altfor mykje på skulen – samtidig som ho opplever at bestevennen begynner å trekke seg unna henne. Ho føler at alt er håplaust, merkar at ho søv dårlegare og sjeldan er glad. Den siste veka har ho begynt å tenke at ho ikkje ønsker å leve lenger, men ho veit ikkje kven ho skal snakke med. Ho har eit dårleg forhold til foreldra og er redd for at dei andre vennene hennar også vil trekke seg vekk om ho fortel det til dei.Studer lista under. Set opp ei liste med dei tre du helst ville ha kontakta dersom du hadde det vanskeleg og opplevde sjølvmordstankar. Grunngi svaret.
Her er nokre tips til kven du kan ta kontakt med om du har sjølvmordstankar:
På skulen: kontaktlærar, rådgivar, helsesjukepleiar eller miljøarbeidar
Utanfor skulen: familie, kjærast eller venner
Fastlegen eller helsestasjonen for ungdom
Du kan også ringe eller ta kontakt med ei døgnopen hjelpeteneste:
Mental helse: telefon: 116 123, nettside: sidetmedord.no
Raudekrossen “Kors på halsen“: telefon: 800 333 21, nettside: korspahalsen.no
Kirkens SOS. Telefon: 22 40 00 40, nettside: soschat.no
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Om du treng meir informasjon om sjølvmord, kan du oppsøke desse nettsidene:
Bruk litt tid til å studere dei ulike nettadressene. Diskuter deretter kven de kan ta kontakt med om de treng nokon å snakke med.
3. Faresignal for sjølvmordstankar
Kva trur du kan vere faresignal som tyder på at nokon kan få sjølvmordstankar? Skriv ned minst tre ulike forslag.
Samanlikn lista di med oversikta over faresignal i tekstboksen under. (Du må klikke på tekstboksen for å opne boksen.) Kva er likt, og kva er ulikt?

4. Kva kan du gjere om du er bekymra for ein venn?
Det er fleire ting du kan gjere om du er bekymra for at ein venn skal ta livet sitt. Vi kan ofte få eit forvarsel om at nokon har sjølvmordstankar, og det er viktig å ta slike bekymringar på alvor. Det er ikkje farleg å spørje nokon direkte om dei har sjølvmordstankar. Samtidig er det ikkje ditt ansvar å løyse problema, men du kan likevel hjelpe vennen din med å søke hjelp eller melde frå til nokon som kan hjelpe. Når du trur eller veit at nokon står i fare for å bli skadde, kan du vere ein god venn gjennom å kople på nokon som kan hjelpe.
Om du er bekymra for nokon, kvifor trur du ikkje det er farleg å spørje direkte om dei har tenkt på å ta sitt eige liv?
Kva kan du seie om du er bekymra for nokon du kjenner? Formuler eit par forslag.
Kvifor er det viktig at du er til stades, snakkar med og stiller opp for nokon som har det vanskeleg?
Kvifor er det viktig at du ikkje tek ansvaret for å løyse problema til vennen din, eller held dei for deg sjølv, men i staden søker hjelp eller melder frå?
Bruk nokre minutt på å lese gjennom innhaldet i dei to lenkene under. Formuler med eigne ord kva som kan vere viktig å tenke på om du er bekymra for nokon.
Korleis vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?
Mange er usikre på korleis dei kan hjelpe nokon som har det vanskeleg. Her kan du sjå ein film og jobbe vidare med oppgåver om korleis du kan vere til hjelp og støtte på ein god måte.
Artikkel: Korleis vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?
Denne oppgåva er skriven i samarbeid med LEVE og VIP Psykisk helse i skulen.