Radiosignal
Film: Radiosignal
Trådlaus kommunikasjon er overalt rundt oss. Men kva er radiosignal, korleis blir dei overførte, og kva betyr omgrep som frekvens, modulasjon, beamforming (stråleforming), direksjonelle og omnidireksjonelle antenner? Det går vi gjennom i filmen under (lengde 4:38).
Oppgåver
Kor mange radiosendarar (eller utstyr som reagerer på radiosignal) har du med deg på skulen i dag?
Kvifor bruker vi meir FM- enn AM-modulasjon for radiosignala våre i dag?
Kva er ei direksjonell antenne, og korleis er denne annleis enn ei omnidireksjonell antenne?
Når vi skal beskrive eit radiosignal, er frekvens ein viktig del av beskrivinga. Kva er ein frekvens?
Radiosignal kan sendast over eit breitt spekter av frekvensar. Kvifor bruker vi låge frekvensar for nokre typar radiosignal og høge for andre? Kan du gi nokre døme?
Kvifor er beamforming-teknologi (stråleforming) viktig for framtidige mobiltelefonnettverk?
Ekstraoppgåver
Korleis fungerer RFID, og kvifor er dette systemet annleis enn dei fleste andre radiosystem?
Kva er forskjellen på ioniserande og ikkje-ioniserande stråling?
GPS og DAB er system som bruker radiosignal. Kva har desse til felles som er ulikt frå radiosignalet frå ein walkietalkie, wifi eller 4G?