Domeneoppbygging og toppdomene - Teknologiforståing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Domeneoppbygging og toppdomene

Domenenamn er bygde opp på ein bestemd måte som dei fleste kan, men sjeldan tenkjer over. Ved å bryte ned domenenamn kan vi tolke kvar vi er på internettet.

Oppbygging av domenenamn

La oss ta for oss om.ndla.no., som er ei underside til NDLA som gir informasjon om NDLA sitt arbeid og organisasjon.

Viss vi deler adressa opp, har vi fire delar.

Under-domene

domene

topp-domene

rot

om

.ndla

.no

.

Viss vi startar bakarst, har vi eit punktum (.). Dette punktumet blir som oftast fjerna av nettlesaren. Det indikerer at innhaldet ligg under DNS-rotserverane.

Neste del er .no, som er det norske topp-domenet. Alle .no-adresser er regulerte av Norid AS, som er ein privat ,ikkje-kommersiell bedrift som har fått ansvaret frå norske styresmakter. Norid AS sine DNS-serverar har ansvaret for å kjenne til IP-adressene til alle DNS-serverar som har .no-domene.

.ndla er sjølve domenet. NDLA har gitt ein DNS-server ansvar for dette domenet. Fordi vi har mange tenester som bruker domene (Nettsider, e-post, server-program osb.) kan eit domene koplast til mange ulike IP-adresser, avhengig av typen oppslag som blir gjort.

om er eit under-domene under .ndla-domenet. Dette blir styrt av den same DNS-serveren som sjølve domenet. Det er ikkje nødvendig å bruke underdomene, men er spesielt praktisk for domene som skal betene fleire tenester eller nettsider. Det er mogleg å ha fleire nivå med under-domene viss dette er ønskt.

Ofte blir www brukt som under-domene. Til dømes www.ndla.no. www står for World Wide Web og blir brukt for å identifisere at adressa er til ei nettside. Det er ikkje påkravd å bruke www i nettsideadresser, og mange vidaresender førespurnader til www til hovud-domenet. Dette skjer til dømes viss du skriv inn www.ndla.no. Då blir du vidaresendt til ndla.no.

Dei ulike typane topp-domene

Det finst fleire kategoriar av topp-domene. Dei to største og mest brukte av desse er:

  • Nasjonale topp-domene (ccTLD)
    • Døme på nasjonale topp-domene er .no, .se, .jp.
    • Nasjonale topp-domene blir styrte av kvart enkelt land, og desse bestemmer kven som får bruke dei og kva krava skal vere for domene under topp-domenet sitt.
  • Generiske topp-domene (gTLD)
    • I starten var generiske topp-domene avgrensa til nokre få spesielle kategoriar eller nisjar. Til dømes var .com originalt berre for kommersielle aktørar. .org var for ikkje-kommersielle organisasjonar.
    • Mange av dei gamle generiske topp-domena har vorte meir opne. Til dømes kan kven som helst kjøpe eit .com-domene sjølv om dei ikkje har ei bedrift eller driv med kommersiell verksemd.
    • Dei generiske topp-domena blir styrte av enkeltorganisasjonar som har fått mandat til å ta vare på topp-domenet.
    • I nyare tid har ei rekkje nye generiske topp-domene vorte innførte. Desse kjem i fleire underkategoriar:

      • Sponsa topp-domene som til dømes .aero for fly-industrien.
      • Geografiske topp-domene for regionar med fleire land, som .asia, eller for regionar eller byar i eit land, som til dømes .tokyo.
      • Merkenamn-toppdomene som .google eller .android, som er eigde og blir styrte av ei bedrift og ofte berre er tillatne brukt av den bedrifta.

I tillegg til desse kategoriane har vi nokre domene som både er geografisk og kategori-avgrensa. Døme på dette er .gov .edu og .mil. Alle desse blir styrte av amerikanske styresmakter og blir brukte til høvesvis amerikanske statsnettsider, amerikanske skular og det amerikansk militæret.

Eit topp-domene garanterer ikkje at domene under er riktig brukte

Tidlegare var det strengare krav for å få kjøpe og bruke dei fleste domene. Kvart topp-domene hadde krava sine, og dette gjorde det mogleg å seie noko om ei nettside ut frå kva topp-domene ho låg under. Til dømes var det lenge berre bedrifter og sjølvstendige næringsdrivande som kunne ha eit domene under .no. Det er no opna for at privatpersonar med norsk personnummer og postadresse kan registrere opp til fem .no-domene. Topp-domene som .com og .net har veldig få krav i dag.

Etter kvart som terskelen for å få lov til å kjøpe domene under mange av topp-domena har gått ned, og talet på topp-domene har auka, blir dei ulike topp-domena gitt mindre og mindre fokus og tillit. Mange vel derfor å halde nettsidene sine på dei eldre topp-domena og dei nasjonale topp-domena som endå har krav som må bli innfridde.

Relatert innhald

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020