Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva kan du om operativsystem?

I desse oppgåvene skal du bli betre kjend med operativsystem, både generelt og det du bruker på di eiga maskin.

Kva kan du om OS og brukargrensesnitt?

Bruk artikkelen "Operativsystem" og eigne undersøkingar for å svare på oppgåvene.

  1. Kva er nokre av oppgåvene til eit moderne operativsystem?

  2. Kva operativsystem er mest brukt for

    1. ordinære datamaskiner

    2. mobiltelefonar

    3. serverar

  3. Finn informasjon om ditt eige system:

    1. Kva operativsystem og versjonsnummer (build number) køyrer maskina di?

    2. Kor mykje arbeidsminne (RAM) har maskina di?

    3. Kor mykje av arbeidsminnet ditt (RAM) blir brukt av operativsystemet ditt? (Den lettaste måten å finne ut det på er å ha ei nystarta datamaskin og skru av program som autostartar, som Steam, Discord, Teams.)

  4. Forklar kort kva CLI, GUI og web-GUI er.

  5. Brukargrensesnitt har utvikla seg over tid. Ein skulle tru at alt i dag brukte eit grafisk brukargrensesnitt (GUI), men det er ikkje tilfelle. Kvifor er kommandolinje (CLI) og webgrensesnitt (web-GUI) endå mykje brukte?
  6. Moderne Windows og MacOS bruker i hovudsak grafisk brukargrensesnitt (GUI). Men korleis kan du starte opp kommandolinja (CLI) frå maskina di? Vis med eit skjermbilete korleis dette ser ut på datamaskina di.

Fordjupingsoppgåver

  1. Vi skil ofte mellom operativsystem og operativsystemkjerne (kernel på engelsk). Kva er ein operativsystemkjerne?

  2. Dei første datamaskinene hadde ikkje eit operativsystem slik vi kjenner det i dag. Program måtte lastast inn manuelt og køyrast, og resultata vart henta ut for hand. Etter kvart, før moderne operativsystem vart utvikla, kom batch processing. Korleis fungerte batch processing?

  3. Grafisk brukargrensesnitt er desidert det mest brukte typen brukargrensesnitt, men det finst andre og nyare typar. Til dømes er det i dag mogleg å styre mange aspekt av ei datamaskin med KI og stemmestyring. Trur du dette vil ta over for grafiske brukargrensesnitt?

Relatert innhald

Operativsystem

Eit operativsystem (OS) er ein type grunnleggande programvare som styrer og fordeler ressursane i datamaskinen. Det ligg mellom maskinvara og programma.


Skrive av Tron Bårdgård.
Sist oppdatert 28.10.2025