Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Lokale nettverk

Fagstoff
Video

DHCP

Når pc-ar, mobiltelefonar og andre einingar skal koplast til nettverk, må dei ha ei unik IP-adresse i nettverket. Dei treng òg informasjon om subnettmaske, gateway og DNS-adresse for å kunne bruke internett. DHCP gir einingane denne informasjonen automatisk.

DHCP (Dynamic Host Configuration Protocol) er ei teneste som er sett opp i dei fleste nettverk. Tenesta gjer det mogleg for einingar å kople seg til nettverket utan å vere førehandskonfigurerte med IP-adresse og informasjon om subnettmaske, gateway og DNS-adresse. Vi kallar ofte dette å bruke dynamisk IP-adresse. Alternativet er å leggje all slik informasjon inn på kvar eining manuelt. Det blir kalla statisk IP-adresse. I nettverk kan begge delar brukast. Til dømes har serverar og nettverksutstyr ofte statisk IP-adresse.

I små heimenettverk og mindre bedriftsnettverk er det ofte ruteren i nettverket som leverer DHCP-tenesta. I større nettverk, spesielt nettverk med domenekontrollarar, er DHCP-tenesta tilordna ein eigen server eller ei eiga teneste som køyrer på ein server.

Rekkefølga i DHCP-prossessen

Film: Korleis få IP-adresse gjennom DHCP

I animasjonen under (lengde 1:07) kan du sjå eit døme på kommunikasjon mellom ei maskin som koplar seg til nettverket, og DHCP-serveren som køyrer på ruteren i nettverket.

Filmen har ingen lyd.

Video: Siren Halvorsen / CC BY-SA 4.0

Som det framgår av animasjonen, går DHCP-prossessen føre seg i fire steg: Discover, Offer, Request og Acknowledge.

1. Discover

Maskina som koplar seg til nettverket (klient), sender ein Discover-datapakke ut i nettverket. Pakken er adressert slik at han blir send til alle einingar i nettverket. Einingar som ikkje er ein DCHP-server, vil forkaste datapakken. DHCP-serveren vil ta imot han.

2. Offer

DHCP-serveren vil finne ei ledig IP-adresse frå ein intern tabell og sende denne og annan informasjon til klienten som ein Offer-datapakke. For at pakken skal kome fram til rett mottakar, bruker DHCP-serveren MAC-adressa til klienten, som er ei unik og permanent adresse kvart nettverkskort har.

3. Request

Klientmaskina sender ein ny datapakke ut i nettverket for å be om stadfesting på at ho skal bruke informasjonen ho fekk i Offer-pakken. Denne får DHCP-serveren.

4. Acknowledge

DHCP-serveren stadfestar adressa ved å sende ho på nytt til klienten med ein Acknowledge-datapakke.

Når klienten får informasjonen, vil han bruke han til å kunne fungere i nettverket og få internett-tilgang.

Vanleg informasjon DHCP-serverar gir til klientar

IP-adresse
er den adressa klienten skal bruke. Ho er unik i nettverket.
Subnettmaska
er til nettverket. Ho fortel klienten kva IP-adresser som er innanfor det lokale nettverket, og kva IP-adresser som berre kan nåast gjennom ruteren.
Gateway
er adressa til ruteren i nettverket. Ruteren koplar saman nettverk, til dømes for å få tilgang til internett.
DNS-adresse
fortel klienten kvar han skal spørje viss han skal gjere DNS-oppslag.
DHCP-leasetime
fortel klienten kor lenge han kan ha IP-adressa før han må be om fornying. Formålet er å frigjere IP-adresser som ikkje har vore i bruk på ei stund.
IP-adressa til DHCP-serveren
gir nyttig informasjon for feilsøking.
Skrive av Tron Bårdgård.
Sist oppdatert 27.05.2020