Vanlege måleinstrument

Fagomgrep
- amplitude
- høgda på eit signal; kor mykje spenninga varierer
- faseforskyving
- forskjell i tid mellom to signal i ein krets
- reaktiv effekt
- effekt som ikkje utfører arbeid, men svingar mellom komponentar i vekselstraumsystem
- kontinuitetstest
- kontroll for å sjekke det er gjennomgang i ein elektrisk krets
Måling i elektriske system
Måleinstrument er grunnleggande verktøy for alle som arbeider med elektriske system, anten det gjeld montering, feilsøking eller kvalitetskontroll. Dei gir innsikt i korleis straumen oppfører seg, korleis komponentar fungerer, og om eit system ytar som det skal.
Eit riktig valt instrument kan bety forskjellen mellom ei rask feilsøking og langvarig produksjonsstans.
Vel rett instrument
Rett måleinstrument gir ikkje berre meir presise resultat, men òg sikkerheit og effektivitet i arbeidet.
Eit multimeter kan vere nok for enkel feilsøking, men avanserte signalanalysar krev oscilloskop eller signalanalysator. Feil val kan føre til misvisande målingar eller skadar på utstyr.
Vi skal sjå på dei mest brukte instrumenta og bruksområda deira.
Multimeter – allsidig og uunnverleg
Eit multimeter måler spenning, straum, resistans og kontinuitet. Det blir brukt til generell feilsøking og testing.
Multimeteret er det mest brukte måleinstrumentet innan industri- og elektrofag. Det kombinerer fleire funksjonar i eitt apparat og kan brukast til både likestraum (DC) og vekselstraum (AC).
Ved feilsøking blir multimeteret mellom anna brukt til å sjekke om det er straum på ein kurs, om ein komponent har rett motstand, eller om ein krets har brot.
Døme
Ein elektrikar måler spenninga i eit stikkontaktuttak for å stadfeste at ho ligg på 230 V.
Oscilloskop – analyserer signal i bevegelse
Eit oscilloskop måler spenningsvariasjonar over tid. Det blir brukt til å analysere av elektroniske signal.
Oscilloskopet viser elektriske signal som bevegelege kurver på ein skjerm. Dette gjer det mogleg å sjå korleis signal endrar seg over tid, til dømes amplitude, frekvens og form.

Instrumentet blir mykje brukt i elektronikkutvikling, automasjon og feilsøking i styringssystem, der ein må forstå korleis eit signal faktisk oppfører seg i sanntid.
Døme
Ein teknikar bruker oscilloskop til å kontrollere signalet frå ein temperatursensor og oppdagar små spenningssvingingar som tyder på elektrisk støy.

Straumtong – sikker måling utan kontakt
Ei straumtong måler AC/DC-straum i kablar utan fysisk kontakt ved å omgi kabelen utan at ein treng å kople frå kretsen. Do registrerer det magnetiske feltet som oppstår når straum flyt, og gjer om dette til ein avlesbar straumverdi.
Dette gjer ho spesielt nyttig i feilsøking og energiovervaking, der sikkerheit og hurtigheit er viktig.
Døme
Ein vedlikehaldsarbeidar måler straumen i ein motorleidning utan å avbryte produksjonen for å kontrollere om motoren trekker for mykje straum.
LCR-meter – testar elektriske komponentar
Eit LCR-meter måler induktans (L), kapasitans (C) og resistans (R). Det blir brukt til å teste og klassifisere elektroniske komponentar.
Eit LCR-meter blir brukt til å kontrollere verdiane til spolar, kondensatorar og motstandar. Dette er viktig i produksjon og reparasjon av elektronikk, der nøyaktige komponentverdiar sikrar rett funksjon.

Instrumentet kan òg brukast til å vurdere kvaliteten på komponenten ved å måle tap eller fasevinkel.
Døme
Ein teknikar kontrollerer at ein kondensator har rett kapasitans før han blir lodda inn på eit kretskort.
Effektmålar – måler energi og verknadsgrad
Ein effektmålar måler effektforbruk i elektriske system og blir brukt til energianalyse og optimalisering.
Effektmålarar blir brukte til å overvake kor mykje energi eit system bruker, og kor effektivt han blir omdanna. Dette er sentralt i både industri, bygg og energistyring, der energieffektivitet er ein viktig faktor.
Instrumentet kan òg vise reaktiv effekt og faseforskyving, som er viktige parametrar i trefaseanlegg.
Døme
Ein energiansvarleg bruker ein effektmålar til å overvake straumforbruket i ein fabrikk og oppdagar at enkelte motorar har låg verknadsgrad.
Signalanalysator – for avanserte målingar av frekvens og bølgeformer
Ein signalanalysator måler frekvens, signalstyrke og bølgeformer. Han blir brukt til å teste radiosignal, datakommunikasjon og sensorteknologi.

Ein signalanalysator blir brukt der målingane går utover tradisjonell straum og spenning. Han kan måle berefrekvens, harmoniske signal og støy, og han blir ofte brukt i telekommunikasjon, radar og høgfrekvente system.
Ved hjelp av instrumentet kan ingeniørar sikre at signal blir sende og mottekne utan forstyrringar.
Døme
Ein teknikar testar radiosignalet til ein trådlaus sensor og oppdagar eit uønskt støysignal på 2,4 GHz som forstyrrar kommunikasjonen.