Oppgåve
Rydd i toppen!
Å lage tankekart er ein god måte å få oversikt over omgrep og samanhengar på. Eit tankekart skal syne korleis eit tema er delt opp i ulike undertema, og kva faguttrykk og omgrep som høyrer inn under kvart undertema. Bruk papir og blyant eller Coggl på nett.

Bilete: Shutterstock, NTB / Avgrensa gjenbruk
Få oversikt!
No skal du lage deg eit tankekart over omgrepa og samanhengane i emnet Segment og målgrupper. Bruk emne og titlar som utgangspunkt for tankekartet ditt og set på dei fargane, orda og bileta som får deg til å hugse stoffet.
Du kan lage tankekartet digitalt, til dømes i programmet Coggl. Dersom du ønskjer å bruke ein meir tradisjonell metode, finn du fram papir, blyantar, pennar og bilete.
Hugs at eit tankekart skal vere enkelt og oversiktleg – det viktige er derfor at du lagar tankekartet på ein måte som gjer at du hugsar fagstoffet.