Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Praktiske øvingar i oppmerking

Oppmerking er eit av dei første trinna i alle produksjonsprosessar – og eit av dei viktigaste. Feil oppmerking kan føre til skeive hol, dårleg passform eller komponentar som ikkje let seg montere. Desse øvingane gir deg praktisk erfaring i å merke opp arbeidsstykke nøyaktig før vidare tilarbeiding.

Interaktivt målerom

Under kan du sjå korleis målerommet ser ut. Du kan bevege deg rundt i det interaktive målerommet ved hjelp av musepeikaren eller tastaturet. Vel analog eller digital måling for å lære med om dei ulike elementa vi kan bruke ved måling.

Praktiske øvingar

Formålet med øvingane er å gi deg forståing for korleis mål blir overførte frå teikninga til arbeidsstykket, og korleis ulike teknikkar og verktøy påverkar nøyaktigheita.

Du skal arbeide med både grunnleggande oppmerkingsteknikkar (som bruk av linjal, vinkelhake og senterstans) og presisjonsmetodar (som bruk av høgdemålar og malar for serieproduksjon).

Under øvingane skal du

  • utføre praktisk oppmerking ved hjelp av rett utstyr

  • observere korleis små feil i oppmerkinga påverkar sluttresultatet

  • reflektere over korleis god planlegging, presisjon og kontroll bidreg til kvalitet og effektivitet i industriproduksjon

Kvar øving består av fire delar:

  1. mål: kva du skal lære

  2. utstyr: kva du treng

  3. framgangsmåte: korleis du gjennomfører øvinga

  4. refleksjon: spørsmål som hjelper deg å forstå fagleg samanheng

Du får trene på både manuell og presisjonsbasert oppmerking med ulike verktøy og lære korleis nøyaktigheit påverkar kvaliteten i det ferdige produktet.

1. Oppmerking for boring med senterstans (kjørnar)

Før vi borar eit hol, må vi merke plasseringa nøyaktig. Ein kjørnar lagar eit lite merke som hjelper boret å treffe rett punkt. I denne øvinga lærer du korleis presis oppmerking og bruk av kjørnar påverkar borepresisjonen.

Mål

Forstå viktigheita av presis oppmerking før boring.

Utstyr

  • stållinjal

  • senterstans og hammar

  • rissepenn

  • boremaskin

  • metallplate

Framgangsmåte

  1. Mål opp og merk borepunktet med stållinjal og rissepenn.

  2. Plasser senterstansen på punktet, og slå lett med hammar for å lage eit lite søkk.

  3. Fest metallplata og bor holet.

  4. Kontroller om boreholet stemmer med merkepunktet.

Refleksjon

  • Korleis påverkar senterstansing nøyaktigheita ved boring?

  • Kva skjer dersom holet ikkje er nøyaktig plassert i forhold til teikninga?

  • Korleis kan du kontrollere at borepunktet er korrekt før du borar?

2. Oppmerking av vinkelrette linjer med vinkelhake

Vinkelrett oppmerking er avgjerande for at delar skal passe saman under montering og tilarbeiding. Her øver du på å bruke vinkelhake og rissepenn for å lage linjer som er nøyaktige 90° på eit arbeidsstykke.

Mål

Lære å utføre nøyaktig og vinkelrett oppmerking.

Utstyr

  • vinkelhake

  • rissepenn eller merkepenn

  • skyvelære eller stållinjal

  • metallplate eller treplate

Framgangsmåte

  1. Plasser vinkelhaka mot referansekanten på arbeidsstykket.

  2. Trekk ei rett linje med rissepenn eller merkepenn.

  3. Kontroller vinkelen med skyvelære eller målelinjal.

  4. Gjenta på eit anna område for å samanlikne nøyaktigheita.

Refleksjon

  • Kvifor er 90° vinkel viktig i mekanisk arbeid og montering?

  • Korleis kan ein liten feil i vinkelen føre til problem ved sveising, boring eller montering?

  • Kva tiltak kan du gjere for å sikre nøyaktig oppmerking av vinklar?

3. Bruk av høgdemålar for presis oppmerking

Når arbeidet krev millimeterpresisjon, bruker vi høgdemålar. Denne øvinga gir deg erfaring med å stille inn og bruke høgdemålar for å merke nøyaktige linjer parallelt med ei referanseflate.

Mål

Øve på presisjonsmerking for maskinering og kontrollarbeid.

Utstyr

  • høgdemålar (høgderissar)

  • måleplate eller plan arbeidsflate

  • skyvelære

  • metallplate

Framgangsmåte

  1. Plasser arbeidsstykket på måleplata.

  2. Still inn høgdemålaren til ønskte mål (bruk skyvelære for kontroll).

  3. Trekk ei risselinje parallelt med referanseflata.

  4. Kontroller høgda ved hjelp av skyvelære.

Refleksjon

  • Kvifor bruker vi høgdemålar i presisjonsarbeid og kvalitetskontroll?

  • Korleis sikrar du at risselinja ligg i rett høgde?

  • Kva skjer viss måleplata eller arbeidsstykket ikkje er heilt plane?

4. Bruk av malar for serieproduksjon

I serieproduksjon må kvar del vere lik. Ved hjelp av malar kan vi utføre mange like oppmerkingsarbeid raskt og nøyaktig. I denne øvinga lærer du korleis bruk av malar gir repeterbarheit og høg effektivitet i produksjonen.

Mål

Lære korleis malar sikrar einsarta og effektiv produksjon.

Utstyr

  • ferdig mal i metall eller plast

  • merkepenn eller risseverktøy

  • fleire like arbeidsstykke

Framgangsmåte

  1. Plasser malen på arbeidsstykket.

  2. Overfør merka med merkepenn eller risseverktøy.

  3. Gjenta prosessen på alle arbeidsstykka.

  4. Samanlikn resultata for å kontrollere repeterbarheit.

Refleksjon

  • Korleis bidreg bruk av malar til auka presisjon og produktivitet?

  • Kva slags feil kan oppstå viss malen ikkje blir festa rett?

  • Kva fordelar gir malar i forhold til manuell oppmerking ved serieproduksjon?

Kva har du lært?

Etter å ha gjennomført øvingane skal du kunne

  • utføre grunnleggande og presis oppmerking på ulike materiale

  • bruke rette verktøy og teknikkar i alle situasjonar

  • forstå korleis små avvik kan påverke sluttresultatet

  • reflektere over kor viktig det er å vere nøyaktig i industriell produksjon

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 17.03.2025