Praktiske øvingar i oppmerking
Interaktivt målerom
Under kan du sjå korleis målerommet ser ut. Du kan bevege deg rundt i det interaktive målerommet ved hjelp av musepeikaren eller tastaturet. Vel analog eller digital måling for å lære med om dei ulike elementa vi kan bruke ved måling.
Praktiske øvingar
Formålet med øvingane er å gi deg forståing for korleis mål blir overførte frå teikninga til arbeidsstykket, og korleis ulike teknikkar og verktøy påverkar nøyaktigheita.
Du skal arbeide med både grunnleggande oppmerkingsteknikkar (som bruk av linjal, vinkelhake og senterstans) og presisjonsmetodar (som bruk av høgdemålar og malar for serieproduksjon).
Under øvingane skal du
utføre praktisk oppmerking ved hjelp av rett utstyr
observere korleis små feil i oppmerkinga påverkar sluttresultatet
reflektere over korleis god planlegging, presisjon og kontroll bidreg til kvalitet og effektivitet i industriproduksjon
Kvar øving består av fire delar:
mål: kva du skal lære
utstyr: kva du treng
framgangsmåte: korleis du gjennomfører øvinga
refleksjon: spørsmål som hjelper deg å forstå fagleg samanheng
Du får trene på både manuell og presisjonsbasert oppmerking med ulike verktøy og lære korleis nøyaktigheit påverkar kvaliteten i det ferdige produktet.
1. Oppmerking for boring med senterstans (kjørnar)
Før vi borar eit hol, må vi merke plasseringa nøyaktig. Ein kjørnar lagar eit lite merke som hjelper boret å treffe rett punkt. I denne øvinga lærer du korleis presis oppmerking og bruk av kjørnar påverkar borepresisjonen.
Mål
Forstå viktigheita av presis oppmerking før boring.
Utstyr
stållinjal
senterstans og hammar
rissepenn
boremaskin
metallplate
Framgangsmåte
Mål opp og merk borepunktet med stållinjal og rissepenn.
Plasser senterstansen på punktet, og slå lett med hammar for å lage eit lite søkk.
Fest metallplata og bor holet.
Kontroller om boreholet stemmer med merkepunktet.
Refleksjon
Korleis påverkar senterstansing nøyaktigheita ved boring?
Kva skjer dersom holet ikkje er nøyaktig plassert i forhold til teikninga?
Korleis kan du kontrollere at borepunktet er korrekt før du borar?
2. Oppmerking av vinkelrette linjer med vinkelhake
Vinkelrett oppmerking er avgjerande for at delar skal passe saman under montering og tilarbeiding. Her øver du på å bruke vinkelhake og rissepenn for å lage linjer som er nøyaktige 90° på eit arbeidsstykke.
Mål
Lære å utføre nøyaktig og vinkelrett oppmerking.
Utstyr
vinkelhake
rissepenn eller merkepenn
skyvelære eller stållinjal
metallplate eller treplate
Framgangsmåte
Plasser vinkelhaka mot referansekanten på arbeidsstykket.
Trekk ei rett linje med rissepenn eller merkepenn.
Kontroller vinkelen med skyvelære eller målelinjal.
Gjenta på eit anna område for å samanlikne nøyaktigheita.
Refleksjon
Kvifor er 90° vinkel viktig i mekanisk arbeid og montering?
Korleis kan ein liten feil i vinkelen føre til problem ved sveising, boring eller montering?
Kva tiltak kan du gjere for å sikre nøyaktig oppmerking av vinklar?
3. Bruk av høgdemålar for presis oppmerking
Når arbeidet krev millimeterpresisjon, bruker vi høgdemålar. Denne øvinga gir deg erfaring med å stille inn og bruke høgdemålar for å merke nøyaktige linjer parallelt med ei referanseflate.
Mål
Øve på presisjonsmerking for maskinering og kontrollarbeid.
Utstyr
høgdemålar (høgderissar)
måleplate eller plan arbeidsflate
skyvelære
metallplate
Framgangsmåte
Plasser arbeidsstykket på måleplata.
Still inn høgdemålaren til ønskte mål (bruk skyvelære for kontroll).
Trekk ei risselinje parallelt med referanseflata.
Kontroller høgda ved hjelp av skyvelære.
Refleksjon
Kvifor bruker vi høgdemålar i presisjonsarbeid og kvalitetskontroll?
Korleis sikrar du at risselinja ligg i rett høgde?
Kva skjer viss måleplata eller arbeidsstykket ikkje er heilt plane?
4. Bruk av malar for serieproduksjon
I serieproduksjon må kvar del vere lik. Ved hjelp av malar kan vi utføre mange like oppmerkingsarbeid raskt og nøyaktig. I denne øvinga lærer du korleis bruk av malar gir repeterbarheit og høg effektivitet i produksjonen.
Mål
Lære korleis malar sikrar einsarta og effektiv produksjon.
Utstyr
ferdig mal i metall eller plast
merkepenn eller risseverktøy
fleire like arbeidsstykke
Framgangsmåte
Plasser malen på arbeidsstykket.
Overfør merka med merkepenn eller risseverktøy.
Gjenta prosessen på alle arbeidsstykka.
Samanlikn resultata for å kontrollere repeterbarheit.
Refleksjon
Korleis bidreg bruk av malar til auka presisjon og produktivitet?
Kva slags feil kan oppstå viss malen ikkje blir festa rett?
Kva fordelar gir malar i forhold til manuell oppmerking ved serieproduksjon?
Kva har du lært?
Etter å ha gjennomført øvingane skal du kunne
utføre grunnleggande og presis oppmerking på ulike materiale
bruke rette verktøy og teknikkar i alle situasjonar
forstå korleis små avvik kan påverke sluttresultatet
reflektere over kor viktig det er å vere nøyaktig i industriell produksjon