Konstruksjon og produksjon av enkeltdelar

Kvifor kløyve ved?
Når vi skal tenne bål eller fyre i peisen, må vi ha tennved. Å produsere tennved kan vere farleg, for øksa kan komme veldig nær hendene. Med ein vegghangen opptenningsvedkløyvar kan du trygt og effektivt hogge opp tennved.
Ein vedkløyvar er eit robust verktøy designa for å dele større vedkubbar i mindre, lettennelege bitar. Konstruksjonen består hovudsakleg av 5 mm tjukt flatstål og er sett saman av rammesider, knivar og ein aksling. For å sikre presisjon i produksjonen teiknar vi kløyvaren i eit CAD-program før vi skjer ut og monterer delane.
Film om vedkløyvaren (2:14)
Konstruksjon og teikning
Produksjon av delar eller gjenstandar startar ofte med ein god idé. Då er det viktig å få teikna desse gode idéane, for å få eit godt overblikk og ei beskriving av kva du skal lage.
Du kan ofte skissere dette med blyant eller penn på eit vanleg ark, men innanfor industrien teiknar vi som oftast desse skissene i eit CAD-program på datamaskina.
Det er viktig å teikne på ein standardisert måte, slik at andre personar som ser teikninga, skjønner både sjølve teikninga, kva mål gjenstanden skal ha, og korleis arbeidet skal utførast.
Digital modellering og arbeidsteikningar
Utforminga av vedkløyvaren startar i eit CAD-program, der konstruksjonen blir bygd opp ved hjelp av grunnleggande geometriske former som linjer, sirklar og rektangel. Desse elementa blir sette saman for å skape ein tredimensjonal modell som gir ei nøyaktig visualisering av korleis dei ulike delane passar saman.
Når modellen er ferdig, kan vi eksportere han som ei arbeidsteikning med detaljerte mål som blir brukt i produksjonen. CAD-programmet gir òg høve til å lage og modifisere enkeltkomponentar før dei blir sette saman til ei komplett eining. Dette gjer det enklare å justere designet eller tilpasse konstruksjonen etter behov.
Nedst på denne sida finn du både ei arbeidsteikning (i PDF-format) og ei CAD-fil (i F3D- og STEP-format) som du kan laste ned og redigere viss du vil gjere endringar eller tilpasse vedkløyvaren etter eigne spesifikasjonar.

Samband mellom rammesidene
Dei to rammesidene dannar hovudstrukturen i vedkløyvaren og må vere solid bundne saman for å tole belastninga ved kløyving. For å oppnå dette bruker vi monteringsbrakettar som blir plasserte i botnen av ramma.
Brakettane er utforma med avrunda hjørne, noko vi oppnår ved hjelp av fillet-funksjonen i CAD-programmet. Kvar brakett har to senka hol, det gir fleksibilitet i monteringa. Desse hola gjer det mogleg å bruke brakettane anten som støtteføter for golvplassering eller som opphengbrakettar dersom kløyvaren skal monterast på ein vegg.
I tillegg monterer vi mothakar for veden på rammesidene, og dette saman med brakettane skaper ein solid konstruksjon.

Låsetrinn, kniv og aksling
Øvst i ramma monterer vi fleire stålplater som trappetrinn, éi for kvart kuttetrinn. Desse trinna er avgjerande for å sikre at veden blir halden stabilt på plass under kløyvinga. Desse trinna blir òg produserte i flatstål.
Når du skal lage kniven, bruker du òg flatstål. Kniven skal ha eit dreidd handtak for betre grep og eit sylindrisk parti som knyter kniven til akslingen. Akslingen er rundstål som går gjennom heile konstruksjonen og sørger for at kniven kan røre seg i forhold til sjølve ramma.
For å feste akslingen kan du òg nytte maskinerte mutterar i begge endar. Desse mutterane gir ikkje berre ei sikker låsing, men tilfører òg ein estetisk kontrast til den elles grove utføringa i flatstål. Bruk av mutterar gir òg høve til å demontere kniven viss det blir behov for å slipe han seinare.

Arbeidsplan
Lag ein arbeidsplan som beskriv
kva du skal gjere
kva risikofaktorar du kan bli utsett for (sikker jobb-analyse)
detaljert rekkefølge på arbeidsoppgåvene
verktøyval
Du kan få hjelp til å setje opp ein slik arbeidsplan ved å nytte dette planleggingsverktøyet for arbeidsoppdrag.
Filer
Her finn du ei samling filer som kan nyttast under produksjon av vedkløyvaren.
Du finn òg CAD-fil (STEP og F3D) som kan opnast i til dømes Autodesk Fusion 360, og du kan der gjere eigne modifikasjonar på vedkløyvaren og deretter skrive ut arbeidsteikning for den modifiserte vedkløyvaren din.
- Tenner(DXF)
- Ramme i ein del(DXF)
- Handtak i ein del(DXF)
- Fot(DXF)
- Vedkløyvar, STEP-fil(STEP)
- Vedkløyvar, 3D-fil(F3D)
Relatert innhald
I denne filmserien lærer du saging og sveising ved å produsere ein rakettomn. Tek du utfordringa?
Korleis kan du gå fram for å få gjennomført dokumentert sikkerheitsopplæring for ei bandsag?