Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Fresing av mutter

For å setje ditt eige preg på vedkløyvaren kan du lage skinande blanke mutterar for å feste kniven til ramma. Korleis gjer du det?

Produksjon av mutter

Å lage komponentar som er både funksjonelle og har eit fint design, krev rett val av både materiale og arbeidsmetodar. Her skal du lage to presisjonsmaskinerte mutterar ved bruk av dreiebenk og fresemaskin. Her er det valt å bruke messing, men du kan velje andre typar materiale viss du har dette tilgjengeleg.

Film om festing av vedkløyvaren (6:26)

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Materialval og førebuingar

Før du går i materialreolen og finn ein lang messingaksling til å lage mutterane av, kan du sjå om du finn eigna messingemne blant restemateriala. Dette sikrar økonomisk og berekraftig materialutnytting, for messing kan vere kostbart.

For å få ein effektiv produksjon er det viktig at du finn fram nødvendige verktøy og verneutstyr, inkludert dreieverktøy, bor, gjengeverktøy og stikkstål.

Det er òg viktig å analysere den tekniske teikninga. Du må sjå på måla og finne toleransar. Kva er minimums- og maksimumsmål på dei ulike dimensjonane?

Det kan vere formålstenleg å setje opp dette i ein tabell. Her har vi fylt inn dømetal, du må fylle inn dine eigne.

Tabell for toleransar

Basismål i mm

Toleranse

Toleranse +/-

Minimumsmål

Maksimumsmål

22ISO 2768-1, middels

+0,2

-0,2

21,822,2
12H7

+18

-0

12,00012,018
32d5

-80

-91

31,90931,920

Arbeidsplan

Lag ein arbeidsplan som beskriv

  • kva du skal gjere

  • kva risikofaktorar du kan bli utsett for (sikker jobb-analyse)

  • detaljert rekkefølge på arbeidsoppgåvene

  • verktøyval

Du kan få hjelp til å setje opp ein slik arbeidsplan ved å nytte dette planleggingsverktøyet for arbeidsoppdrag.

Maskinering av emnet

Når du skal maskinere delen, må du følge enkle trinn:

  • Fest messingemnet i dreiebenken.

  • Monter dreieverktøyet og juster til korrekt senterhøgde.

  • Start tilarbeidinga ved å dreie emnet til ein diameter på 30 mm. Utfør først eit grovkutt med høg mating for å fjerne overskotsmateriale raskt, følgt av eit finkutt med lågare mating og høgare turtal for å oppnå ei glatt overflate. Hugs toleransar!

  • Plandrei enden av emnet for å få ei fin avslutning.

  • Tilpass toppsleiden til ein spesifikk vinkel for å gjere vidare konusdreiing mogeleg. Denne justeringa inneber å løyse toppsleiden frå tverrsleiden og tilpasse vinkelen i samsvar med arbeidsteikninga.

Boring og gjenging

Når du skal bore hol, er det viktig å nytte eit senterbor først. Denne typen bor er laga av spesialstål og er spesielt eigna til å lage senterhol fordi dei ikkje bøyer av for ujamnskapar. Senterboret blir montert i kjoksen i bakdokka.

Etter senterboring borar du holet opp til ønskt diameter for M10-gjengar. Bruk arbeidsteikninga og verkstadshandboka for å finne rett holdimensjon for gjengedimensjonen M10.

Gjenging utfører du ved hjelp av ein montert i eit støtta av ein . Kjoksen blir rotert for hand for å sikre rette gjengar, noko som er spesielt viktig ved tilarbeiding av mjuke materiale som messing.

Du kan no ta ut heile arbeidsemnet frå dreiebenken, sidan fresing blir neste arbeidsoppgåve.

Tips

Å vente med å stikke av mutteren frå arbeidsemnet gjer det enklare å spenne opp mutteren i fresen.

Fresing av lommer

For å forbetre grepet og det estetiske uttrykket blir det frest seks jamt fordelte spor i kvar mutter.

Fest emnet i ein fres med delehovud. Delehovudet er eit verktøy som let deg dele opp omkretsen på arbeidsemnet i ulike delar.

Du hugsar sikkert frå matematikk at ein sirkel er 360 gradar. Viss vi skal ha seks spor i mutteren, må vi då dele 360 på 6 (360/6), og vi finn ut at det skal vere 60 gradar mellom kvart spor.

Finn rett delingsskive, og monter ho på delingshovudet slik at du får ei oppdeling på 60 gradar.

Fres så eit spor i mutteren på vanleg måte, og roter til neste posisjon før du gjentek fresinga der. Har du funne rett inndeling, vil dei seks lommene vere jamt fordelte på mutteren.

Avstikking og ferdigstilling

Når du har frest mutteren, er han klar for å bli delt frå arbeidsemnet. Den ferdige mutteren blir skild frå emnet ved hjelp av eit stikkstål, det er ein prosess vi kallar avstikking.

Gjenta den same framgangsmåten for den andre mutteren, inkludert alle trinna med dreiing, boring, gjenging og fresing.

Relatert innhald

Introduksjon dreiebenk

Korleis kan du gå fram for å få gjennomført dokumentert sikkerheitsopplæring for ein dreiebenk?

Introduksjon fres

Korleis kan du gå fram for å få gjennomført dokumentert sikkerheitsopplæring for ein fres?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 14.02.2025