Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Hydraulisk pumpeeining (HPU)

For å kunne utføre eit arbeid må hydraulikkanlegget ha eit trykk som blir skapt av ei pumpe. Ei hydraulisk pumpeeining (HPU) er ei komplett eining med pumpe, tank, filter og nødvendige ventilar.

Kva er ein HPU?

HPU (Hydraulic Power Unit) er eit sentralt hydraulikkanlegg som overfører energi og leverer eit væsketrykk til hydrauliske system. Når komponentar er sette saman til ei slik eining, kallar vi det òg eit hydraulikkaggregat.

Konstruksjon

HPU-hydraulikkanlegget er samansett av fleire viktige komponentar for å kunne betene eit hydraulikkanlegg.

Døme på komponentar i ein HPU kan vere:

  • hydraulikktank

  • motor (elektrisk motor eller forbrenningsmotor) som driv ei hydraulikkpumpe

  • ein trykkakkumulator for trykkutjamning

  • trykkreguleringsventil for å justere rett trykk

  • kontrollventil for å styre straumen av hydraulikkvæske

  • filtreringssystem for å sikre at væska er rein

  • kjølesystem for å kontrollere temperaturen

Desse komponentane er monterte på ei robust og kompakt baseplate eller ramme. Trykk på symbola på biletet under for å få ei forklaring på kva komponentar som står monterte på den hydrauliske pumpeeininga.

Funksjon

HPU-hydraulikkanlegget genererer og leverer høgtrykksvæske til hydrauliske sylindrar, motorar eller andre aktuatorar i eit hydraulisk system. Motoren driv hydraulikkpumpa, som skaper trykk i hydraulikkanlegget.

Trykkakkumulatoren bidreg til å halde oppe eit jamt trykk og reduserer belastninga på pumpa. Trykket blir regulert av trykkreduksjonsventilar, og ventilar som retningsventilar og strupe- og tilbakeslagsventilar styrer straumen av hydraulikkvæske til dei ulike aktuatorane.

Bruksområde

Slike hydraulikkaggregat blir brukte i ulike industrielle samanhengar der vi treng kraftig hydraulisk kraft og presis kontroll. Slike aggregat kan òg vere mobile slik at vi kan bruke dei mellombels, og som reserve- og nødaggregat i ulike bransjar.

HPU-system blir brukte for å drive hydrauliske presser, løfteutstyr, boreriggar, hydrauliske kraner, verktøymaskiner og mykje meir.

Viktig med dimensjonering, vedlikehald og sikkerheit

Rett dimensjonering av HPU-hydraulikkanlegget er viktig for å sikre at det kan levere nok kraft og trykk til dei spesifikke bruksområda.

Regelmessig vedlikehald, inkludert filtrering og oljeskift, er nødvendig for å oppretthalde pålitelegheita og levetida til systemet. Det er spesielt viktig for mobile aggregat, for dei kan bli utsette for ytre påverknad på ein annan måte enn fastmonterte anlegg.

Sikkerheit er òg ein viktig faktor. Vi må ha rett opplæring, bruke verneutstyr og følge sikkerheitsstandardane.

Kontrollspørsmål:

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 30.04.2024