Hydraulisk framdriftsanlegg
Som industrimekanikar kan du få mange ulike oppdrag.
I denne oppgåva skal du hjelpe ei bedrift med å feilsøke og utføre nødvendig reparasjon på det hydrauliske framdriftssystemet på ei produksjonsmaskin.

Situasjonsbeskriving
Du er industrimekanikar og tilsett i eit selskap som driv med mineralutvinning.
Ein maskinoperatør har meldt inn feil på framdrifta til ei produksjonsmaskin, og du har fått i oppdrag å feilsøke og utføre nødvendig reparasjon på maskina.
Når du kjem fram til maskina, oppdagar du
at beltet på den eine sida ikkje fungerer som det skal, noko som medfører at maskina trekker til den eine sida ved køyring
ein lekkasje frå ein hydraulikkslange til drivrullen
at medbringarrullen har stor radial og aksial slakk, og du konstaterer lagerhavari
at det ikkje finst delar på lager, og det er for lang leveringstid til å vente på nye delar. For å halde produksjonen ved lag blir det derfor avgjort at du bruker ei mellombels løysing.
undervegs i arbeidsprosessen at lagerbanar i medbringarrullen er defekte, og du må montere nye kulelager med større ytre diameter
Omfanget av oppdraget
Arbeidsoppdraget blir omfatta av følgande punkt:
demonter medbringarrullen, og utfør tilpassingar for nye kulelager
monter lager og tetningar i medbringarrullen
bestill og monter ny hydraulikkslange
utfør sluttkontroll med dokumentasjon
Oppgåve
Beskriv korleis du vil planlegge, gjennomføre og dokumentere oppdraget.
I svaret er det viktig at du tenker på
HMS og SJA
kommunikasjon
vedlikehaldsrutinar
måleskjema og toleransar
sluttkontroll
Svar på oppgåva her
Svar på oppgåva ved å skrive svarteksten din i tekstboksane som kjem opp på kvar side.
På siste side kan du skrive ut eit samandrag av svara dine.
Oppgåva vart gitt i 2022 som eksamen i industrimekanikarfaget etter læreplanen for Kunnskapsløftet 2006, men innhaldet er framleis relevant etter læreplanen for Kunnskapsløftet 2020.
Relatert innhald
Når og korleis skal ein gjennomføre ein sikker jobb-analyse (SJA)?