Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Filmressursar: Søyleboremaskin

Her får du sjå korte filmar som viser trygg og rett bruk av søyleboremaskin. Filmane forklarer viktige HMS-reglar, korleis du festar arbeidsstykket, og korleis du bruker maskina på ein sikker måte for å unngå skadar i verkstaden.

Film med sikkerheitsopplæring for søyleboremakin

I filmen under (lengde 3:52) får du sjå trygg bruk av ei søyleboremaskin. Filmen forklarer viktige HMS-reglar, rett oppspenning, og han viser arbeidsmetodar som reduserer risiko og førebygger skadar i verkstaden.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Introduksjonsfilm

Denne filmen (lengde 5:06) gir ein enkel introduksjon til boring. Du får sjå kva ei søyleboremaskin blir brukt til, kva for grunnleggande funksjonar ho har, og filmen viser viktige sikkerheitsreglar for å arbeide trygt i verkstaden.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film om å byte bor

Her får du sjå ein kort film (lengde (0:33) med ei enkel innføring i å byte bor i ei søyleboremaskin.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film om trinnbor

I filmen under (lengde 1:18) får du ein enkel introduksjon til boring med trinnbor.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Forsenkar

I denne filmen (lengde 0:51) viser vi bruk av forsenkar i ei søyleboremaskin.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 25.03.2026