Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Filmressursar: Dreiebenk

Her får du sjå korte filmar som viser trygg og rett bruk av dreiebenk. Filmane forklarer viktige HMS-reglar, korleis du festar emnet, og korleis du arbeider sikkert med maskina for å unngå skadar i verkstaden.

Film med sikkerheitsopplæring for dreiebenk

Her får du sjå ein film (lengde: 4:59) som viser trygg bruk av ein dreiebenk. Filmen forklarer viktige HMS-reglar, rett oppspenning, og han viser arbeidsmetodar som reduserer risiko og førebygger skadar i verkstaden.

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Introduksjonsfilm om dreiebenken

Denne filmen (lengde 3:05) gir ein enkel introduksjon til dreiing. Du får sjå kva ein dreiebenk blir brukt til, kva for grunnleggande funksjonar han har, og filmen viser viktige sikkerheitsreglar for å arbeide trygt i verkstaden.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film om girkassa

Her får du sjå ein kort film (lengde 1:30) med ein enkel introduksjon til girboksen i dreiebenken.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film om kjoksen

I filmen under (lengde 3:52) får du ein enkel introduksjon til kjoksen i dreiebenken. Det er i kjoksen du spenner opp arbeidsstykket.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film om aksar

I denne filmen (lengde 2:22) får du ein enkel introduksjon til koordinatsystemet og aksar du må kjenne til på ein dreiebenk.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film om dei ulike verktøya

I filmen under (lengde 2:24) får du sjå kva for verktøy dreiebenken har.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Bakdokka

Her får du sjå ein film (lengde 2:27) der vi har ein enkel introduksjon til bakdokka i dreiebenken.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Reingjering

Denne filmen (lengde 3:10) handlar om reingjering og vedlikehald av dreiebenken.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film om å lage ei målingsskrape

I denne filmen (lengde 8:17) får du sjå korleis du kan bruke dreiebenken til å produsere eit handtak til ei målingsskrape.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 25.03.2026