Dialogprogrammering av ei CNC-maskin

Kva er dialogprogrammering?
Dialogprogrammering er eit enkelt visuelt programmeringsspråk som kan brukast til å programmere enkle arbeidsoperasjonar. Det krevst ikkje veldig mykje forkunnskapar. Du treng til dømes ikkje å kjenne til G-kode- og ISO-programmering, og det er heller ikkje noko behov for CAD- og CAM-programvare.
Ved dialogprogrammering bruker du visuelle framstillingar og legg inn parameterar for lengde, breidde, diameter, radius osv. Deretter vil maskina sjølv utarbeide eit NC-program (Numeric Control-programkode) ut frå vala du har gjort.
Dei ulike maskinleverandørane tilbyr styringssystem med ulike visuelle funksjonar, men alle styringssystema har ein del fellestrekk. Derfor kan du ofte programmere på systema til ulike maskinleverandørar utan å trenge spesifikk opplæring.
Dialogprogrammering av dreiebenk
Når du programmerer for ein CNC-dreiebenk, får du mellom anna desse vala:
aksial og radial dreiing
konus
sirkulær rørsle medurs og moturs
dreiing av gjenge
verktøy
spindelfart
kjøling av/på
mating
bruk av både grov- og findreiing
materiale avsett til findreiing
Dialogprogrammering av fres
Dei aller fleste fresemaskinene har val om
boring
planfresing
innvendig og utvendig lomme
sporfresing
holsirklar og holmønster
tilfeldige punkt i ein bane
verktøy
spindelfart
kjøling av/på
mating
bruk av grov- og finfresing
materiale avsett til finfresing
Enkelte maskiner kan ha endå fleire funksjonar.
Redigering i dialogprogrammet
Dialogprogram kan enkelt redigerast, kopierast eller kombinerast. Du kan lett kople saman fleire arbeidsoperasjonar i ei angitt rekkefølge til eit stort program.
For å redigere dialogprogrammet hentar du fram den grafiske visninga og endrar berre den parameteren du ønsker å redigere, til dømes diameter eller lengde.
Kontrollspørsmål
I denne oppgåva skal du velje rett svaralternativ.