Øv på fleirkameraproduksjon av intervju
Introduksjon
I øvinga er det fleire delmål:
De ser resultatet av eit fleirkameraopptak av eit intervju.
De får erfaring med ulike funksjonar i ein fleirkameraproduksjon.
Du får øve deg på å utføre din funksjon.
I arbeidet bruker de informasjon og skjema frå desse sidene:
1. Lag planar for ansvarsområdet til gruppa
Del klassen inn i ei leiargruppe (A), ei kameragruppe (B) og ei lydgruppe (C). Kvar gruppe vel ein leiar. Før de byrjar, sjekkar de at alle i gruppa kan funksjonen sin. Kvar elev forklarer rolla si til dei andre i gruppa.
Fordel oppgåver og lag planar
De skal bruke 30 minutt til å fordele oppgåver, skaffe dykk oversikt og utarbeide planar. Til slutt skal alle oversikter og planar leverast til leiaren av leiargruppa (produsenten). Leiargruppa bruker cirka 15 minutt til å lage ein samla plan.
Innhaldet i sendinga: personintervju, til dømes elevrådsleiaren på skulen. Intervjuet skal vare i 1 minutt og 30 sekund.
Teknisk rigg: opptak i studio med tre kamera, éin eller to intervjuarar og eitt intervjuobjekt.
Brif (allmøte for deling av informasjon)
Når arbeidet i gruppene er ferdigstilt, skal alle samlast til ein brif. Møtet skal leiast av produsenten (leiaren i leiargruppa). Leiaren for kvar av gruppene presenterer planane til gruppene.
Først må de komme fram til ein felles konkret plan for sendinga. Deretter skal alle få nødvendig oversikt. De skal vite korleis tv-opptaket skal gjerast betre og avviklast, og de må ha ein plan for nedrigg og debrif.
Produsenten har ansvar for å samle alle planane til ein heilskapleg og overordna plan for sendinga.
2. Førebu sendinga
Gruppe A: Førebu manus og intervju
Lag manus og øv på intervjusituasjonen. Trekk inn produsent, innspelingsleiar og biletregi etter kvart.
Gruppe B og C: Øv på teknisk opprigg og nedrigg
Produsenten informerer om kva som skal gjerast, og korleis. Spesielt viktig er det å klargjere korleis kommunikasjonen mellom kameragruppa og lydgruppa skal gå føre seg.
TOM-funksjonen tek ansvar for at bilete- og lydsignal kjem igjennom.
Rigg opp
Kvar av gruppene jobbar med sine oppgåver etter den samla planen. Rigg opp for bilete, lys og lyd i studio, biletregi og lydstudio.
For å gjere praktiske oppriggøvingar treng de desse romma:
eitt rom til studio
eitt rom til biletregi
eitt rom for lydkontroll
Pass på at alle bilet- og lydsignal fungerer som dei skal, og at lyssetjinga er riktig. Produsenten sjekkar om alt fungerer som det skal, med TOM, biletregissør og innspelingsleiar.
De er klare til sending.
Rigg ned
Sidan dette berre er ei oppriggøving, kan de nå gjere klart for nedrigg. Produsenten gir beskjed det, og TOM leier nedriggen.
Alle: Debrif
Etter nedrigg samlar produsenten teamet for å gå igjennom korleis oppriggøvinga har gått. TOM forklarer korleis det har gått teknisk, om gruppene jobba effektivt, og om alt utstyret som vart brukt, er på plass på lageret. Hen vil òg gå gjennom kva som gjekk bra, og kva som kan gjerast betre. Produsenten forklarer korleis gruppene og leiarane kommuniserte undervegs, kva som var bra, og kva som kan bli betre.
Alle: Gjenta øvinga
Denne opp- og nedriggøvinga kan de med fordel gjenta for å gi fleirkamerateamet trening. Gå gjerne over planane de har i gruppene, og juster desse etter kvart som de haustar erfaringar.
3. Gjennomfør opptak og debrifintervju
Produsenten og dei to andre gruppeleiarane skal ha oversikt over forarbeidet i dei tre gruppene. Set eit tidspunkt for når alle skal vere klare til opptak.
Køyr kamera!
Biletregi gir kommandoar om at det er klart til sending, og tel ned.
Innspelingsleiar gir teikn til intervjuar om start av intervjuet.
Skript følger køyreplanen.
Biletregi gir kommandoar til fotografane og lydteknikar.
Biletregi gir informasjon om nedteljing til intervjuslutt.
Innspelingsleiar gir teikn til intervjuar om å avslutte.
Etter opptak
Produsenten sjekkar at lyd og bilete er på plass i opptaket.
Rigg ned og rydd på plass utstyret.
Debrif (allmøte som tek opp korleis opptaket har gått)
Produsent kallar inn teamet til debrif.
A. Sjå på opptaka av sendinga i fellesskap.
Korleis er biletdekninga?
Er lyden som forventa?
Er lyset godt nok?
B. Korleis var kommunikasjonen under opptaket?
Var det klar og tydeleg kommunikasjon?
Fekk alle med seg viktige beskjedar undervegs?
Vart beskjedar frå leiarane tekne til følge av teamet?
Var leiarane lydhøyre overfor beskjedar frå teamet?
Noter ned alle erfaringar. Kva gjekk bra, og kva fungerte ikkje som det skulle? Treng de ei gjennomkøyring til?
4. Terp og gjenta
Her er mål de kan jobbe vidare med etter ei første øving for å blir betre på fleirkameraproduksjon:
Bruk 30 minutt på å planlegge ei enkel sending.
Rigg opp for ei enkel intervjusending med 3 kamera. Bruk 45 minutt.
Gjer eit opptak og rigg ned på 45 minutt.
Køyr brif og debrif med referat på 20 minutt.