Oppgåver til podkast om målgrupper og digital dataanalyse - Teknologi og produksjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppgåver til podkast om målgrupper og digital dataanalyse

Lytt til podkastepisoden der Sindre Beyer, leier i kommunikasjonshuset Try Råd, blir intervjua. Jobb med oppgåver om korleis ny teknologi kan brukast til å finne fram til og nå ut til rett målgruppe.
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Marknadsinformasjon, marknadsundersøkingar og digital dataanalyse

Ein podkast om korleis ny teknologi kan hjelpe deg med å finne fram til akkurat rett målgruppe for å selje meir. Vi snakkar med Sindre Beyer som jobbar i Try-huset, eit av Noregs største kommunikasjo...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåver til podkasten

  1. Sindre Beyer er leiar i Try Råd, som er eit av Noregs største kommunikasjonshus. Jobben til Sindre dreier seg mellom anna om å hjelpe norske bedrifter med å nå ut med bodskapen sin til marknaden. Vidare hjelper Try Råd til med å nytte ny teknologi for å finne fram til akkurat rett målgruppe. Korleis går dei fram for å finne dei menneska dei vil treffe?
  2. I podkasten nemner programleiar Berit Boman eit døme der ei bedrift kjem til Try Råd for å få hjelp. Bedrifta vil lansere eit nytt klesmerke som ein type 18-åringar skal like, kanskje elske. Klesmerket skal vere til dei som bedrifta har definert som dei hippeste 18-åringane. Kva seier Sindre om korleis han ville ha gått fram for å nå ut til denne målgruppa?
  3. Kva blir meint med spegelpublikum / «lookalike audience»?
  4. Bedrifter kan få tak i mykje informasjon om oss forbrukarar. Korleis kan dei utnytte dette?
  5. Vi legg igjen mange spor på nett i form av informasjonskapslar/«cookies». Kva blir meint med det?
  6. Kvifor kan det vere utfordrande at dei som vil selje noko til oss, veit så mykje om oss?
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021