Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Lærarrettleiing: Læring gjennom samarbeid

Fleirkameraproduksjon er ein av dei mest utbreidde produksjonsformene innan tv- og videoproduksjon. Korleis kan du organisere ei gruppe elevar til å samarbeide slik at dei lærer av kvarandre? Her får du nokre tips.

Legge til rette for teknisk samarbeid

Fleirkameraproduksjon som læringsprosjekt utfordrar elevane i å lære og meistre tv-teknikk. Einingar og kablar skal koplast saman slik at dei verkar, og samtidig skal elevgruppa fungere som eit tv-team. I den praktiske undervisninga kan faglæraren oppleve å stå i spagat. Det er krevjande å gi å gi like god og like mykje hjelp til kvar elev i ei elevgruppe på 15 i eit så teknisk komplisert prosjekt.

Læraren organiserer øvingar

Fleirkameraproduksjon er eit prosjekt som eignar seg godt for samarbeidslæring. Rolla til læraren er å kommunisere eit heilt konkret mål: å få til ei fleirkamerasending. I tillegg må læraren organisere øvingar der kvar enkelt elev tileignar seg dei nødvendige erfaringane for å kunne lykkast i gruppesamarbeidet. Løysinga for opplæringa er derfor å gjere elevane avhengige av å lære av og støtte seg på kvarandre.

I praksis betyr det at læraren må legge til rette for at elevane skal kunne ta ansvar for sine eigne oppgåver, samtidig som at dei lærer seg å dra vekslar på erfaringane til kvarandre.

Kvar elev er ein ressurs

Kvar elev er ein ressurs som gjer sine eigne, uavhengige erfaringar. Dei tekniske øvingane må vere enkle å gjennomføre, sjølv om elevane ikkje lærer det same. Elevane må lære seg å ta ansvar ved å lytte og delta aktivt saman med medelevar for løyse utfordringar i prosjektet. Dei må erfare at god kommunikasjon og godt samarbeid er heilt nødvendig for at dei som gruppe skal lykkast med å lage eit produkt.

Krav om ansvar

Ein viktig del av opplæringa er å setje klare krav til ansvar. Kvar elev må bli gitt eit konkret ansvarsområde og må vise at hen kan stå i rolla og levere det som er nødvendig for at fellesskapen skal nå målet.

Det kan vere å ta ansvar for å kople opp delar av det tekniske utstyret eller sørge for at alt teknisk utstyr kjem på plass igjen på lageret etter bruk.

Nokre elevar må ha eit større ansvar for å ta avgjerder. Desse leiarelevane må lære å stå for avgjerdene sine. Dei må gi beskjedar og kommunisere internt i teamet og med læraren.

Køyr fleire øvingar i same gruppe. Det bidreg til at elevane finn ut kva dei er gode på, og dei kan utnytte det for å løyse utfordringar dei møter seinare.

Øvingar med klar ansvarsfordeling gjer at elevane

  • lærer å ta ansvar for sitt område

  • veit kven som har ansvar for kva

  • lærer å ta eigne avgjerder

  • tek avgjerder i samråd med andre

Emnet førebur elevane til oppgåva Øv på fleirkameraproduksjon av intervju.

Skrive av Dagfinn Tvedt.
Sist oppdatert 07.04.2026