Tareas: Diferencias culturales
Skriv eit innlegg på nettsida til ein utvekslingsorganisasjon.
Sjå for deg at du er ein utvekslingselev frå Spania, og du har fått i oppdrag å skrive eit innlegg om opphaldet i Noreg. Det skal publiserast på nettsida til ein utvekslingsorganisasjon, og målgruppa er spanske ungdommar som vurderer å reise til Noreg.
Teksten din bør innehalde informasjon om
deg sjølv
korleis du har det i Noreg, og korleis det er å vere utvekslingselev
likskapar og ulikskapar mellom Noreg og Spania, til dømes matvanar, døgnrytme og veremåte
kva du saknar frå Spania
kva du liker best med Noreg (og kjem til å sakne når du reiser)
dine beste tips til å få ein god start på utvekslingsåret
Bruk gjerne det Carmen fortel i videoen som inspirasjon/utgangspunkt.
Jobb i par.
Finn på ein situasjon der folk vil oppføre seg ulikt i Spania og i Noreg. Idéar finn de i videoen "Carmen, de España" og på oppgåvesida til Carmen, de España.
Spel same situasjon to gonger: Ein gong slik folk ville oppført seg i Noreg, og ein gong slik dei ville oppført seg i Spania.
Spel scenene for klassen.
Medelevane gjettar: Er dette typisk spansk? Eller er det typisk norsk?
Bruk det du har lært om forskjellar og likskapar mellom norsk og spansk kultur, i ein avsluttande fagsamtale med læraren om temaet "Kulturelle forskjellar". Førebu deg til samtalen ved hjelp av spørsmåla nedanfor og snakke- og glosehjelpa.
Jobb gjerne i par. Førebu dykk til fagsamtalen med læraren ved å stille kvarandre spørsmål og svare. Under fagsamtalen snakkar de saman i par mens læraren lyttar, noterer og/eller gir dykk nokre læringstips og tilbakemeldingar.
- ¿Qué (dirías que) es típico de Noruega?
- Kva (vil du seie) er typisk norsk?
- ¿Qué (dirías que) es típico de España?
- Kva (vil du seie) er typisk spansk?
- ¿Qué piensas que los españoles consideran típicamente noruego?
- Kva trur du spanjolar reknar som typisk norsk?
- ¿Cuáles son las mayores diferencias culturales entre Noruega y España?
- Kva er dei største kulturelle forskjellane mellom Noreg og Spania?
- ¿Qué similitudes hay entre la cultura noruega y la cultura española?
- Kva likskapar er det mellom norsk og spansk kultur?
- ¿Qué costumbre noruega crees que les parece rara/especial a los españoles? ¿Por qué?
- Kva for ein norsk skikk/vane trur du spanjolar kan synast er rar/spesiell? Kvifor?
- ¿Qué costumbre española te parece rara/especial?
- Kva for ein spansk skikk/vane synest du er rar/spesiell?
- ¿Qué costumbre española te gusta más? ¿Por qué? ¿Puedes imaginarte practicando esta costumbre?
- Kva for ein spansk skikk/vane liker du spesielt godt? Kvifor? Kan du tenke deg å ta han i bruk sjølv?
- ¿Qué has aprendido trabajando con este tema?
- Kva har du lært ved å jobbe med dette temaet?