Hopp til innhald
Øvelse

Ejercicios: Carmen, de España

¿Qué cuenta Carmen sobre Noruega y los noruegos? Ahora puedes conocer algunas diferencias culturales más entre Noruega y España.

1. Comprensión

Hugsar du kva Carmen har fortalt?

2. Los adjetivos

Når vi beskriv personar, ting eller omgrep, bruker vi adjektiv, som til dømes snill, liten, ulik. Når vi samanliknar personar eller ting, gradbøyer vi adjektiva ved å bruke former som uttrykker ulik grad av noko.

Vi skil mellom tre gradar: positiv, komparativ og superlativ. Positiv er grunnforma (snill, liten, ulik), komparativ uttrykker ein sterkare grad (snillare, mindre, meir ulik), og superlativ uttrykker den sterkaste graden (snillast, minst, mest ulik).

Repeter gradbøying av spanske adjektiv i boksen nedanfor før du begynner på oppgåvene.

A. Algunos adjetivos

På korta ser du adjektiva som Carmen bruker i videoen. Les det spanske adjektivet høgt, og set det om til norsk. Snu kortet og sjekk fasiten.

B. Los grados del adjetivo

Gradbøy dei tre adjektiva frío/a, grande og similar. Legg alle bøyingsformene inn i ein tabell.

¡OJO!

  • Hugs at adjektivet skal samsvare i kjønn og tal med substantivet det beskriv.

  • Som regel endar adjektivet på -o i eintal og -os i fleirtal når det beskriv eit hankjønnsord, mens det endar på -a i eintal og -as i fleirtal når det beskriv eit hokjønnsord.

  • Adjektiv som endar med -e eller konsonant, er like i hokjønn og hankjønn og får endinga -es i fleirtal (amable amables eller similar – similares).

gradbøying av adjektiv

positiv

komparativ

superlativ

hankjønn eintal

fríomás ......

hokjønn eintal

hankjønn fleirtal

hokjønn fleirtal

C. Describir

Bruk adjektiva frå oppgåve A til å lage setningar som beskriv Noreg/nordmenn og Spania/spanjolar.

Til dømes:

  • Los noruegos pueden parecer fríos. Nordmenn kan verke kalde.

  • En España, la gente está ocupada durante todo el día. I Spania er folk opptekne heile dagen.

Lag 4–8 setningar.

D. Comparar

Bruk adjektiva frå videoen og eventuelt andre adjektiv til å samanlikne norsk og spansk kultur. Gjer det ved å gradbøye adjektiva.

Til dømes:

  • La comida en Noruega es más sencilla que la comida española. Maten i Noreg er enklare enn den spanske maten.

  • Los noruegos son más reservados que los españoles. Nordmenn er meir reserverte enn spanjolar.

Lag 4–8 setningar.

3. Palabras y expresiones útiles

Øv på nyttige småord og tidsuttrykk.

4. Costumbres noruegas y españolas

Snakk om vanar som er typisk norske og spanske, og sjå på likskapar og ulikskapar.

A. Algunas costumbres noruegas

Jobb saman to og to. På bileta ser de nokre kulturelle fenomen frå Noreg. Lat som de møter ein spansk utvekslingselev og skal forklare (på spansk) kva "laurdagsgodt", "hyttetur", "matpakke" og "russ" inneber. De kan samarbeide om å forklare kvart bilete, eller late som ein av dykk er den spanske eleven, og forklare annankvar gong.

B. Algunas costumbres españolas

På bileta ser du nokre kulturelle fenomen frå Spania. Sjå gjennom bileta, og svar så på spørsmåla til kvart bilete. Du må kanskje spørje læraren eller nokre andre som kjenner til Spania, eller søke på nett for å finne svar. Del funna dine med ein medelev eller med klassen.

  1. El saludo. Korleis helser ein på kvarandre i Spania? Er det forskjellar mellom kjønna? Er det forskjell på formelle og uformelle situasjonar? Er det forskjell på om ein kjenner kvarandre frå før eller ikkje?

  2. El menú del día. Kva er ein menú del día? Når og kvar et spanjolane lunsj? Kva et ein vanlegvis?

  3. Los churros con chocolate. Kva er churros con chocolate? Når et spanjolane denne retten?

  4. La siesta. Kva er siesta? Er dette framleis vanleg i Spania? Kven tek siesta, og når gjer dei det?

5. Un poema

  1. Skriv eit humoristisk dikt (med eller utan rim). Gi diktet tittelen "Los noruegos y los españoles", "Los españoles" eller "Los noruegos". Bruk passande adjektiv.

  2. Lær diktet utanåt, og deklamer det for nokon i klassen!

6. Un pequeño experimento

Klar for eit lite eksperiment? Kva skjer viss du plutseleg oppfører deg som ein spanjol – i Noreg? Vel minst to av punkta nedanfor, og test ut. Gjer same eksperiment fleire gonger. I neste time fortel du kva reaksjonar du fekk.

  • Bruk høfleg tiltale ("De" og "herr/fru + etternamn") når du snakkar med ein eldre person eller ein vaksen du ikkje kjenner godt.

  • Gå bort til nokon du/de ikkje kjenner, og start ein samtale.

  • Neste gong du møter ein god venn: Hels ved å kysse vedkommande på kinnet, på begge sider. Viss du er gut, helser du på gutevenner med eit handtrykk.

  • Sei til venner/familie at det er på tide å sove middag, og gå og legg deg.

  • Spør venner/familie ein dag midt i veka om de skal dra på restaurant og ete lunsj.

  • Send talemeldingar i staden for skriftlege tekstmeldingar.

  • Set deg ved sida av nokon i skulegarden eller i kantina, dra fram eit lommetørkle og snyt deg høglydt.

Skrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2024