Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Substantiv

Oppgåve
Interaktivt innhald

Spanske substantiv i fleirtal

Å lage fleirtal av spanske substantiv er kanskje enklare enn du trur! Lær reglane, og øv på å bruke dei!

Fleirtal av substantiv

Å lage fleirtalsforma av spanske substantiv er ganske enkelt! Vi har berre to hovudreglar:

  1. Når substantivet sluttar på ein vokal i eintal, legg vi på -s for å få fleirtalsforma.

    • hermana – hermanas (søster – søstrer)

    • baño – baños (bad – bad)

    • llave – llaves (nøkkel – nøklar)

  2. Når substantivet sluttar på ein konsonant i eintal, legg vi på -es for å få fleirtalsforma.

    • posibilidad – posibilidades (mogelegheit – mogelegheiter)

    • ordenador – ordenadores (pc – pc-ar)

I bestemd form legg vi artiklane los (for hankjønnsord) og las (for hokjønnsord) framfor substantiva. Substantiv i ubestemd form har ingen artikkel i fleirtal.

eintal og fleirtal av spanske substantiv

eintal (spansk)

fleirtal (spansk)

eintal (norsk)

fleirtal (norsk)

ubestemd form

una hermana

un ordenador

hermanas

ordenadores

ei søster

ein pc

søstrer

pc-ar

bestemd form

la hermana

el ordenador

las hermanas

los ordenadores

søstera

pc-en

søstrene

pc-ane

¡OJO!

I nokre tilfelle forandrar skrivemåten seg litt i fleirtal. Dette gjeld spesielt substantiv som

  • sluttar på ein konsonant og har ein aksent på siste staving, til dømes la nación – las naciones (nasjonen – nasjonane). Her fell aksenten bort.

  • sluttar på -z, til dømes el pez – los peces (fisken – fiskane). Her blir z gjort om til c.

Øving 1: Lag fleirtalsforma

Øv på å lage fleirtalsform av substantiv.

Hankjønn fleirtal som samleomgrep

For substantiv som er nemningar for personar, bruker vi hankjønn fleirtal som eit samleomgrep. Berre når vi snakkar om ei gruppe som berre består av kvinner, bruker vi hokjønn fleirtal.

  • madre – madres (mor – mødrer)

  • padre – padres (far – fedrar eller foreldre)

  • hermana – hermanas (søster – søstrer)

  • hermano – hermanos (bror – brør eller søsken)

Øving 2: Fleirtal av personnemningar

Jobb saman to og to.

  • Les den norske setninga høgt.

  • Set om til spansk.

  • Snu kortet, les fasiten høgt og samanlikn.

Alltid eintal og alltid fleirtal

På spansk finst det nokre substantiv som er brukte berre i eintal eller berre i fleirtal.

Substantiv som alltid blir brukte i eintal

Nokre spanske substantiv står alltid i eintal. Dei viktigaste er

  • la gente (folk)

  • la ropa (klede)

  • el dinero (pengar)

Substantiv som alltid blir brukte i fleirtal

Det finst òg nokre substantiv som vanlegvis berre blir brukte i fleirtal. Nokre vanlege er

  • los pantalones (bukse/bukser)

  • las gafas/lentes (briller)

  • las tijeras (saks)

  • las vacaciones (ferie)

Øving 3: Substantiv i eintal og fleirtal

Jobb saman to og to med å setje om korta til spansk. Gå gjennom korta to gonger, den første gongen bruker de tipsa på framsida, den andre gongen prøver de utan.

  • Les den norske setninga høgt.

  • Set om til spansk.

  • Snu kortet, les fasiten høgt og samanlikn.

Øving 4: Kva hugsar du?

Kva hugsar du etter å ha jobba med fleirtal av substantiv? Jobb saman to og to, og test dykk sjølve.

  • Les spørsmålet på framsida av kortet høgt.

  • Formuler eit svar saman.

  • Snu kortet og samanlikn svaret dykkar med det som står på baksida.

Skrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist oppdatert 28.11.2024