Kjønn på spanske substantiv

Kva er substantiv?
Substantiv er ord for personar, dyr, ting og ord som kjensler eller idéar. Til dømes
padre (far)
gato (katt)
puente (bru)
manzana (eple)
amor (kjærleik)
libertad (fridom)
Hugseregel
Substantiv er alle orda du kan setje ein, ei eller eit framfor (ein far, ei bru, eit eple).
Ubestemd og bestemd form
Substantiv kan stå i ubestemd eller i bestemd form. Ubestemd form bruker vi når vi nemner noko for første gong. Bestemd form bruker vi om noko vi har nemnt før, eller når det er snakk om ein bestemd person, ting og så vidare.
Tengo un gato. Eg har ein katt. (Katten blir introdusert.)
El gato es blanco. Katten er kvit. (No veit vi kva katt det er snakk om.)
Spansk bruker artiklar for å vise ubestemd eller bestemd form. Dei ubestemde artiklane er un og una, dei bestemde artiklane er el og la. Artiklane set vi rett framfor substantivet.
På norsk set vi òg ein ubestemd artikkel (ein, ei eller eit) framfor eit substantiv (ei bru), akkurat som på spansk. Men når vi skal danne bestemd form, legg vi til ei ending (‑en, ‑a og ‑et) på substantivet (brua).
På engelsk gjer vi det same som på spansk: Vi set både den ubestemde (a/an) og den bestemde artikkelen (the) framfor substantivet.
spansk | engelsk | norsk | |
|---|---|---|---|
ubestemd form | un padre una manzana | a father an apple | ein far eit eple |
bestemd form | el padre la manzana | the father the apple | faren eplet |
Øving 1: Ubestemd eller bestemd?
Har substantiva ubestemd eller bestemd form? Flytt dei til rett plass.
Kjønn
Vi deler spanske substantiv inn i to kjønn: hankjønn og hokjønn. Framfor hankjønnsord set vi artiklane un og el, og framfor hokjønnsord set vi una og la.
ubestemd form | bestemd form | |
|---|---|---|
hankjønn | un padre (ein far) | el padre (faren) |
hokjønn | una manzana (eit eple) | la manzana (eplet) |
¡OJO!
Norsk har tre kjønn: hankjønn (ein far), hokjønn (ei bru) og inkjekjønn (eit eple), mens spansk har berre to.
Det er ingen samanheng mellom kjønn på norske og spanske substantiv.
Hankjønn eller hokjønn?
Når substantivet er ein person, er det lett å vite kva kjønn det har, fordi det blir det same som personen.
Substantiv som madre, mujer eller hermana (mor, kvinne, søster) er hokjønnsord.
Substantiv som padre, hombre eller hermano (far, mann, bror) er hankjønnsord.
Når det er snakk om ting og omgrep, er det litt vanskelegare å vite kjønnet. Då hjelper det å kjenne til nokre reglar.
Substantiv med andre endingar kan vere anten hankjønn eller hokjønn. Her er det best å bruke ordboka for å vere heilt sikker. Nokre ordbøker fører opp bestemd artikkel (el/la) saman med substantivet, andre bruker forkortingane m (for maskulinum = hankjønn) og f (for femininum = hokjønn).
Substantiv med både hankjønns- og hokjønnsform
Substantiv for personar og yrke har ofte både hankjønns- og hokjønnsform.
Når hankjønnsforma endar på -o, endar hokjønnsforms som regel på -a.
el abuelo / la abuela bestefar/bestemor
el hermano / la hermana bror/søster
el enfermero / la enfermera mannleg sjukepleiar / kvinneleg sjukepleiar
Når hankjønnsforma endar på ein konsonant, legg vi på ein -a for å få hokjønnsforma.
el profesor / la profesora mannleg lærar / kvinneleg lærar
el doctor / la doctora mannleg lege / kvinneleg lege
Mange yrkesnemningar som ender på ein vokal, spesielt dei som ender på -ista, har ei felles form for hankjønn og hokjønn. Her er det berre artikkelen som viser kjønnet.
el dentista / la dentista mannleg tannlege / kvinneleg tannlege
el policía / la policía mannleg politibetjent / kvinneleg politibetjent
el estudiante / la estudiante mannleg student / kvinneleg student
Nokre substantiv har eigne hokjønnsendinger.
el actor / la actriz mannleg skodespelar / kvinneleg skodespelar
el príncipe / la princesa prins/prinsesse
Øving 2: Hankjønn og hokjønn
Øving 3: Ubestemd eller bestemd artikkel?
Jobb saman to og to. Set om det som står på korta, frå norsk til spansk. Ver nøye med omsetjinga.
Viss substantivet står i ubestemd form på norsk, skal de òg bruke ubestemd form på spansk, til dømes ein gut – un chico.
Viss substantivet står i bestemd form på norsk, skal de òg bruke bestemd form på spansk, til dømes guten – el chico.
Nokre unntak frå reglane
Det finst nokre substantiv som ikkje følger dei vanlege reglane. Her er dei viktigaste unntaka:
Nokre substantiv som sluttar på -a, er hankjønn: el día, el mapa, el planeta.
Dei fleste substantiv som sluttar på -ma, er òg hankjønn: el problema, el tema, el programa.
Nokre substantiv som sluttar på -o, er hokjønn: la mano, la radio.
Forkortingar som endar på -o, er òg hokjønn: la foto (kort for fotografía), la moto (kort for motocicleta).
Øving 4: Unntak
Hokjønnsord som får hankjønnsartikkel
Hokjønnsord som begynner med a- eller ha- og har trykk på første staving, får hankjønnsartikkel (un/el) i eintal, til dømes
el agua vatnet
un águila ei ørn
el hacha øksa
¡OJO!
Substantiva er framleis hokjønn, så når dei står saman med adjektiv, blir adjektiva bøygde i hokjønn.
un águila poderosa ei mektig ørn
el hacha nueva den nye øksa
I fleirtal får desse substantiva hokjønnsartikkel.
las águilas ørnane
las hachas øksane
Øving 5: Hokjønnsord med hankjønnsartikkel
Set om til spansk. Hugs å bruke bestemd artikkel når det norske substantivet står i bestemd form, og ubestemd artikkel når det står i ubestemd form.
Øving 6: Bruk av ordbok
Det finst substantiv som ikkje fell innanfor hovudreglane for kjønn. Derfor er det viktig at du øver på å bruke ordbok.
Hugs at nokre ordbøker fører opp bestemd artikkel (el/la) saman med substantivet, andre bruker forkortingane m (for maskulinum = hankjønn) og f (for femininum = hokjønn).
Øving 7: Kva hugsar du?
Hugsar du reglane for kjønn på substantiv? Prøv å forklare med eigne ord. Jobb saman to og to og byt på å spørje og svare på spørsmåla. Snu kortet for å få løysingsforslag.