Nektande imperativ
Når treng vi nektande imperativ?
Når vi skal uttrykke forbod eller gi ei tilråding om noko nokon ikkje skal gjere, bruker vi nektande imperativ.
No comas demasiada carne. Ikkje et for mykje kjøtt. (til ein person)
¡No habléis tan alto! Ikkje snakk så høgt! (til fleire personar)
No hable sobre este tema. Ikkje snakk om dette temaet. (De, høfleg til ein person)
No abran esta ventana, por favor. Ikkje opne dette vindauget, ver så snill. (de, høfleg til fleire personar)
Regelrett imperativ
I nektande imperativ bruker vi nokon av dei same formene som i presens konjunktiv, på spansk subjuntivo. Konjunktivforma av spanske verb (til dømes hablar, comer og abrir) lagar vi slik:
Bøy verbet i første person eintal (yo), vanleg presens (hablo, como, abro).
Ta bort endinga (-o) slik at du står igjen med stammen av verbet (habl-, com-, abr-).
Legg på endingar for konjunktiv i anten andre person eintal (tú), andre person fleirtal (vosotros/as), tredje person eintal (usted) eller tredje person fleirtal (ustedes):
for -ar-verb: -es (hables), -éis (habléis), -e (hable) og -en (hablen)
for -er og -ir-verb: -as (comas), -áis (comáis), -a (coma) og -an (coman)
Hovudforskjellen mellom presens konjunktiv og vanleg presens, òg kalla presens indikativ, er altså at endingane blir bytte om: -ar-verb får ein e i endinga, mens -er- og -ir-verb får ein a.
person | hablar | comer | abrir |
|---|---|---|---|
tú | no hables | no comas | no abras |
vosostros/as | no habléis | no comáis | no abráis |
usted | no hable | no coma | no abra |
ustedes | no hablen | no coman | no abran |
Øving 1: Nektande imperativ av regelrette verb
Øv på å lage nektande imperativ for tú, vosotros/as, usted og ustedes.
Øving 2: Set om imperativsetningar
Jobb gjerne saman to og to med korta.
Les imperativsetninga på framsida av kortet høgt.
Kva person er setninga retta mot? Tú, vosotros/as, usted eller ustedes?
Set om setninga til norsk.
Snu kortet og les fasiten høgt.
Fort ferdig? Gå bakover frå det siste kortet og set om dei norske setningane tilbake til spansk! Kor mange klarer de?
Verb med stammeendring
Det er ein del spanske verb som får stammeendring i vanleg presens. Desse endringane må vi ha med når vi bøyer i konjunktiv.
Verb som har diftongering i presens, får dette òg i konjunktiv, unntatt andre person fleirtal (vosotros/as).
Verb som har vokalskifte i vanleg presens, får dette òg i alle personane i konjunktiv.
Verb som i vanleg presens sluttar på -go eller -zco i første person eintal (yo), beheld stammeendringa (-g- og -zc-) når vi bøyer dei i konjunktiv.
¡OJO!
Vi må alltid ta utgangspunkt i første person vanleg presens (presens indikativ) når vi skal bøye verb i konjunktiv. Slik er vi sikre på at vi får med oss alle stammeendringane.
contar | repetir | tener | traducir | |
|---|---|---|---|---|
tú | no cuentes | no repites | no tengas | no traduzcas |
vosotros/as | no contéis | no repitáis | no tengáis | no traduzcáis |
usted | no cuente | no repita | no tenga | no traduzca |
ustedes | no cuenten | no repitan | no tengan | no traduzcan |
Øving 3: Verb med stammeendring i imperativ
Øv å lage nektande imperativ av verb med ulike former for stammeendring.
Uregelrett imperativ
Det er nokre verb som er heilt uregelrette i ein eller fleire personar. Dei tre viktigaste er estar (å vere), ir (å gå) og ser (å vere). Sjå i tabellen korleis vi bøyer dei.
estar | ir | ser | |
|---|---|---|---|
tú | estés | vayas | seas |
vosotros/as | estéis | vayáis | seáis |
usted | esté | vaya | sea |
ustedes | estén | vayan | sean |
Øving 4: Set om
Set om imperativsetningane til spansk. Snu kortet for å sjå fasiten.
Øving 5: Lag setningar
Lag nektande imperativsetningar som passar til bileta. Bruk alle fire formene (tú, vosotros/as, usted og ustedes).
Øving 6: Hugsar du reglane?
Les spørsmålet på framsida av kortet, og formuler eit svar. Snu kortet og samanlikn med fasiten.