Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Imperativ

Oppgåve
Interaktivt innhald

Nektande imperativ

Imperativ blir brukt til å gi ordrar, tilrådingar, påbod og forbod. Vi skil mellom stadfestande og nektande imperativ. Her kan du øve på nektande imperativ.

Når treng vi nektande imperativ?

Når vi skal uttrykke forbod eller gi ei tilråding om noko nokon ikkje skal gjere, bruker vi nektande imperativ.

  • No comas demasiada carne. Ikkje et for mykje kjøtt. (til ein person)

  • ¡No habléis tan alto! Ikkje snakk så høgt! (til fleire personar)

  • No hable sobre este tema. Ikkje snakk om dette temaet. (De, høfleg til ein person)

  • No abran esta ventana, por favor. Ikkje opne dette vindauget, ver så snill. (de, høfleg til fleire personar)

Regelrett imperativ

I nektande imperativ bruker vi nokon av dei same formene som i presens konjunktiv, på spansk subjuntivo. Konjunktivforma av spanske verb (til dømes hablar, comer og abrir) lagar vi slik:

  1. Bøy verbet i første person eintal (yo), vanleg presens (hablo, como, abro).

  2. Ta bort endinga (-o) slik at du står igjen med stammen av verbet (habl-, com-, abr-).

  3. Legg på endingar for konjunktiv i anten andre person eintal (), andre person fleirtal (vosotros/as), tredje person eintal (usted) eller tredje person fleirtal (ustedes):

    • for -ar-verb: -es (hables), -éis (habléis), -e (hable) og -en (hablen)

    • for -er og -ir-verb: -as (comas), -áis (comáis), -a (coma) og -an (coman)

Hovudforskjellen mellom presens konjunktiv og vanleg presens, òg kalla presens indikativ, er altså at endingane blir bytte om: -ar-verb får ein e i endinga, mens -er- og -ir-verb får ein a.

Regelrett bøying av nektande imperativ

person

hablar

comer

abrir

no hablesno comasno abras

vosostros/as

no habléisno comáisno abráis

usted

no hableno comano abra

ustedes

no hablenno comanno abran

Øving 1: Nektande imperativ av regelrette verb

Øv på å lage nektande imperativ for , vosotros/as, usted og ustedes.

Øving 2: Set om imperativsetningar

Jobb gjerne saman to og to med korta.

  • Les imperativsetninga på framsida av kortet høgt.

  • Kva person er setninga retta mot? , vosotros/as, usted eller ustedes?

  • Set om setninga til norsk.

  • Snu kortet og les fasiten høgt.

Fort ferdig? Gå bakover frå det siste kortet og set om dei norske setningane tilbake til spansk! Kor mange klarer de?

Verb med stammeendring

Det er ein del spanske verb som får stammeendring i vanleg presens. Desse endringane må vi ha med når vi bøyer i konjunktiv.

  • Verb som har diftongering i presens, får dette òg i konjunktiv, unntatt andre person fleirtal (vosotros/as).

  • Verb som har vokalskifte i vanleg presens, får dette òg i alle personane i konjunktiv.

  • Verb som i vanleg presens sluttar på -go eller -zco i første person eintal (yo), beheld stammeendringa (-g- og -zc-) når vi bøyer dei i konjunktiv.

¡OJO!

Vi må alltid ta utgangspunkt i første person vanleg presens (presens indikativ) når vi skal bøye verb i konjunktiv. Slik er vi sikre på at vi får med oss alle stammeendringane.

Verb med stammeendring i presens indikativ

contar

repetir

tener

traducir

no cuentesno repitesno tengasno traduzcas

vosotros/as

no contéisno repitáisno tengáisno traduzcáis

usted

no cuenteno repitano tengano traduzca

ustedes

no cuentenno repitanno tenganno traduzcan

Øving 3: Verb med stammeendring i imperativ

Øv å lage nektande imperativ av verb med ulike former for stammeendring.

Uregelrett imperativ

Det er nokre verb som er heilt uregelrette i ein eller fleire personar. Dei tre viktigaste er estar (å vere), ir (å gå) og ser (å vere). Sjå i tabellen korleis vi bøyer dei.

imperativ av estar, ir og ser

estar

ir

ser

estésvayasseas

vosotros/as

estéisvayáisseáis

usted

estévayasea

ustedes

esténvayansean

Øving 4: Set om

Set om imperativsetningane til spansk. Snu kortet for å sjå fasiten.

Øving 5: Lag setningar

Lag nektande imperativsetningar som passar til bileta. Bruk alle fire formene (, vosotros/as, usted og ustedes).

Øving 6: Hugsar du reglane?

Les spørsmålet på framsida av kortet, og formuler eit svar. Snu kortet og samanlikn med fasiten.

Skrive av Kristina Victoria Vahl og Maria Munoz Borrachero.
Sist oppdatert 14.11.2024