Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Imperativ

Oppgåve
Interaktivt innhald

Stadfestande imperativ

Verbforma imperativ uttrykker ei befaling, ei oppmoding eller eit råd. På spansk skil vi mellom stadfestande imperativ ("gjer det") og nektande imperativ ("ikkje gjer det"). No lærer du korleis du uttrykker stadfestande imperativ i spansk.

Bruk av imperativ

Imperativsetningar byrjar med verbet i imperativform. Vi kan anten snakke til éin person ( eller usted) eller til fleire personar (vosotros/vosotras eller ustedes).

  • ¡Abre la puerta, Carmen! Opne døra, Carmen! (til éin person)

  • ¡Comed las verduras, chicos! Spis (opp) grønsakene, gutar! (til fleire personar)

  • Espere un momento, señora. Vent ein augneblink, frue. (høfleg, til éin person)

  • Bajen del autobús, por favor. Ver vennleg og gå av bussen. (høfleg, til fleire personar)

Regelrett imperativ for og vosotros/as

Imperativ for andre person eintal () er heilt lik presensforma i tredje person eintal (él/ella). Hugs at nokre spanske verb får diftongering eller vokalskifte i presens!

  • hablar (å snakke), ella habla (ho snakkar). ¡Habla! (Snakk!)

  • contar (å fortelje), él cuenta (han fortel). ¡Cuenta! (Fortel!)

Når vi skal lage imperativ for andre person fleirtal (vosotros/as), tek vi infinitivsforma av verbet og byter ut -r på slutten med -d.

  • hablar (å snakke) ¡Hablad! (Snakk!)

  • contar (å fortelje) ¡Contad! (Fortel!)

regelrett imperativ, 2. person eintal og fleirtal

hablar

comer

abrir

contar

repetir

hablacomeabrecuentarepite

vosotros/as

habladcomedabridcontadrepetid

Øving 1: Regelrett imperativ for og vosotros/as

Uregelrett imperativ

Det er nokre verb som har uregelrett imperativ i andre person eintal (). Dei mest brukte er decir (å seie), hacer (å gjere), ir (å gå), poner (å legge/setje/plassere), salir (å gå ut), ser (å vere), tener (å ha) og venir (å komme). Mange av desse verba bruker vi ofte i daglegtalen, så derfor er det lurt å lære imperativforma utanåt.

  • decir: di

  • hacer: haz

  • ir: ve

  • poner: pon

  • salir: sal

  • ser: sé

  • tener: ten

  • venir: ven

Andre person fleirtal (vosotros/as) er alltid regelrett i imperativ.

Øving 2: Uregelrett imperativ

Øving 3: Gi råd

På framsida av kvart kort er det ei utfordring eller eit problem. Gi råd ved å bruke imperativsetningar. Det er løysingsforslag på baksida av kortet.

Regelrett imperativ for usted/ustedes

Når vi skal bøye verb i imperativ i tredje person eintal og fleirtal (usted og ustedes), må vi bruke konjunktivforma.

  • Hable más despacio, señor García. Snakk saktare, herr García. (høfleg til éin person)

  • Abran la puerta, por favor. Opne døra, ver så snill. (høfleg til fleire personar)

Korleis lagar vi konjunktiv?

For å lage konjunktivforma av eit verb (til dømes hablar eller comer) følger vi desse trinna:

  1. Bøy verbet i første person eintal (yo), vanleg presens. (hablo, como)

  2. Ta bort endinga -o. (habl-, com-)

  3. Legg på endingar for konjunktiv i tredje person eintal og fleirtal (usted/ustedes):

    • for -ar-verb: -e og -en (hable/hablen)

    • for -er/-ir-verb: -a og -an (coma/coman)

Forskjellen mellom presens konjunktiv og vanleg presens, også kalla presens indikativ, er altså at endingane blir bytte om: -ar-verb får ein e i endinga, mens -er- og -ir-verb får ein a.

verb i 3. person presens Indikativ og konjunktiv

infinitiv

3. person presens indikativ

3. person konjunktiv (imperativ)

hablarhabla/hablanhable/hablen
comercome/comencoma/coman
abrirabre/abrenabra/abran

¡OJO!

  • Verb som har diftongering eller vokalskifte i vanleg presens, får dette òg i konjunktiv.

  • Verb som i vanleg presens sluttar på -go eller -zco i første person eintal (yo), beheld stammeendringa (-g- og -zc-) når vi bøyer dei i konjunktiv.

imperativ, 3. person eintal og fleirtal

hablar

comer

abrir

contar

repetir

tener

traducir

usted

hablecomaabracuenterepitatengatraduzca

ustedes

hablencomanabrancuentenrepitantengantraduzcan

Uregelrett imperativ for usted/ustedes

Det er nokre verb som har uregelrett imperativ i tredje person (usted/ustedes). Fire av desse verba er dar (å gi), estar (å vere), ir (å gå), ser (å vere). Sjå i tabellen korleis vi bøyer dei.

Uregelrett imperativ for usted/ustedes

dar

estar

ir

ser

usted

estévayasea

ustedes

denesténvayansean

Øving 4: Høfleg imperativ

Øv på regelrett og uregelrett imperativ for usted og ustedes.

Øving gjer meister

Øving 5: Setje om imperativsetningar

Les setninga på framsida av kortet og set om munnleg til spansk. Hugs at nokre av desse verba kan vere uregelrette i imperativ! Det er løysingsforslag på baksida av kortet.

Når du er ferdig med siste kort, går du bakover: Les den spanske setninga høgt og set om til norsk.

Øving 6: Kva hugsar du?

Les spørsmålet på framsida av kortet og formuler eit svar. Snu kortet og samanlikn med fasiten.

Øving 7: Lag eit papirfly

Finn fram eit A4-ark, og lag eit papirfly ved å følge instruksjonane.

Sigue las instrucciones

  1. Coge un folio y colócalo en posición vertical. Dobla el folio por la mitad y desdóblalo nuevamente.

  2. Dobla las esquinas superiores hacia el central, de modo que formen un triángulo.

  3. Dobla la parte inferior del folio hacia arriba, dejando una pequeña punta en la parte superior.

  4. Dobla la punta hacia ti y sobre el folio.

  5. Dale la vuelta al folio.

  6. Dobla cada esquina inferior hacia el centro del folio.

  7. Dobla la esquina izquierda hacia la mitad.

  8. Dobla la esquina derecha hacia la mitad.

  9. Dobla un ala sobre la otra.

  10. Dobla el ala hacia abajo, hacia la cola del avión, y repite con el otro ala.

  11. ¡Vuela!

Skrive av Kristina Victoria Vahl og Maria Munoz Borrachero.
Sist oppdatert 29.10.2024