Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Vurder problemstillingar

Kva er ei god problemstilling? Diskuter ulike døme.

Kjenneteikn på ei god problemstilling

  • relevant og aktuell

  • tydeleg og presis

  • anvendeleg og forskbar

  • opnar for refleksjon og drøfting

Døme på gode problemstillingar:

  • Kva er haldningane til kvardagskriminalitet på skulen min?

  • Korleis påverkar yrket og utdanninga til foreldra elevane sine val av studieretning på vidaregåande?

  • Kva er dei viktigaste årsakene til ulovleg rusmiddelbruk blant 17- og 18-åringar i Skedsmo kommune?

  • Korleis påverkar kastetilhøyrsel val av ektefelle blant andregenerasjons innvandrarar frå India og Sri Lanka?

  • Har gutar og jenter ulike haldningar til skulking på vidaregåande?

Oppgåve

De skal no sjå på fem ulike problemstillingar og vurdere kva for nokon som er gode, og kva for nokon som er dårlige.

Alle problemstillingane er henta frå temaet Sosial mobilitet, og handlar om kva for moglegheiter menneske har til å klatre opp eller ned den sosiale rangstigen i Noreg.

Vurder følgande punkt for kvar problemstilling:

Er problemstillinga

  • aktuell og relevant

  • tydeleg og presis

  • anvendeleg og forskbar

  • open for refleksjon og drøfting

Diskuter problemstillingane før de snur kortet.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 19.06.2026