Vurder problemstillingar

Kjenneteikn på ei god problemstilling
relevant og aktuell
tydeleg og presis
anvendeleg og forskbar
opnar for refleksjon og drøfting
Døme på gode problemstillingar:
Kva er haldningane til kvardagskriminalitet på skulen min?
Korleis påverkar yrket og utdanninga til foreldra elevane sine val av studieretning på vidaregåande?
Kva er dei viktigaste årsakene til ulovleg rusmiddelbruk blant 17- og 18-åringar i Skedsmo kommune?
Korleis påverkar kastetilhøyrsel val av ektefelle blant andregenerasjons innvandrarar frå India og Sri Lanka?
Har gutar og jenter ulike haldningar til skulking på vidaregåande?
Oppgåve
De skal no sjå på fem ulike problemstillingar og vurdere kva for nokon som er gode, og kva for nokon som er dårlige.
Alle problemstillingane er henta frå temaet Sosial mobilitet, og handlar om kva for moglegheiter menneske har til å klatre opp eller ned den sosiale rangstigen i Noreg.
Vurder følgande punkt for kvar problemstilling:
Er problemstillinga
aktuell og relevant
tydeleg og presis
anvendeleg og forskbar
open for refleksjon og drøfting
Diskuter problemstillingane før de snur kortet.