Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Likestilling og medium

I denne oppgåva tek vi for oss korleis forskarar ser på kjønn, likestilling og netthets i media. Du møter ein medieforskar og ein sosialantropolog i ein podkastepisode om media frå Kjønnsavdelingen.

I denne oppgåva skal du lytte til podkasten Kjønnsavdelingen episode 2 – Media.

Lytt til den første delen av podkasten, og finn ut kva forskarane seier om spørsmåla under. Elisabeth Eide snakkar frå starten av podkasten og fram til 15:38, og Aina Landsverk Hagen snakkar frå 16:28 til 27:55.

Oppgåve 1

Elisabeth Eide er professor og medieforskar. Ho har forska på korleis media framstiller kjønn, og om det er likestilling i media.

  1. Korleis blir kjønn framstilt i media, ifølge professor og medieforskar Elisabeth Eide?

  2. Kva meiner ho er konsekvensane av korleis media framstiller kjønn?

  3. Kva meiner ho kan gjerast for å fremje likestilling i media?

Oppgåve 2

Aina Landsverk Hagen er sosialantropolog og forskar på netthets i media.

  1. Kor omfattande meiner ho netthetsproblematikk er?

  2. Kva påpeiker ho er konsekvensane av netthets?

  3. Kva meiner ho er gode tiltak for å handtere netthets for dei som blir utsette for det?

  4. I podkasten bruker forskarane uttrykk som feminisme, dagsorden, minoritetsmarkør, "sportifisering", seksualisert mobbing, ytringsskade, triggartema og hersketeknikk.
    Forklar kva som er meint med desse utrykka.

Oppgåve 3

Skriv eit lesarinnlegg med overskrifta "Likestilling i media?" frå ståstaden din som ung voksen. Argumenter for korleis dette påverkar deg, og drøft kva du meiner må til for å fremme likestilling i media.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Alternativ til podkast-oppgåver

Les artikkelen som høyrer til podkasten. Artikkelen presenterer tal knytte til kjønnsbalanse blant kjelder i media, kjønnsbalanse i redaksjonane og netthets mot unge, kvinnelege journalistar.

  1. Diskuter kva som er interessant med desse tala.

  2. Kva trur du kan vere årsaka til at media helst bruker menn som kjelder?

  3. Kva meiner du kan vere årsaka til at mange unge, kvinnelege journalistar blir utsette for netthets?

  4. Hva tenker du kan gjerast for å endre desse tendensane?


Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist oppdatert 25.06.2026