Oppgåve
Video
Kommunikasjon og teknologi
Korleis har teknologi forandra måten vi kommuniserer på? I denne oppgåva skal du bruke omgrep frå sosiologen Erving Goffmann til å beskrive endringar i kommunikasjon og teknologi.
Sjå film
Sjå filmen (lengde 2:15) og jobb med oppgåva under.
Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0
Skriv om sosiale medium
Skriv ein kort tekst (100–200 ord) der du beskriv kva som har forandra seg i måten vi kommuniserer på etter at vi fekk sosiale medium. Bruk desse omgrepa frå Erving Goffmann i teksten:
• status
• rolle
• rollespel
• frontstage
• backstage
• sjølvpresentasjon
Du kan lese meir om omgrepa i desse to artiklane på NDLA:
"Sjølvpresentasjon og identitet"
Diskuter
I filmen blir det sagt at "vi er alle med i eit globalt eksperiment" i samband med at vi har fått heilt nye måtar å kommunisere på.
Kva meiner ein med det?
Er det noko som skil internett og sosiale medium frå tidlegare teknologisk utvikling?
Er det rett å seie at vi er med i eit globalt eksperiment?